3. desember – Luke 3

Skuffa og vonbroten, vonbroten og skuffa, gjekk han sporenstreks frå dei alle saman med fela over høgreaksla. Det var på denne turen Per traff på han hestemakjaren H Brand, som ikkje må forvekslas med sin navnebror pylsemakjar H Brand. Han H Brand gjekk og gaula at han vilje byte bort ei ko, for kva skulle vel han – ein hestemakjar – med ei ko? Han kunne jo itj akkurat setje føll på koa. Han Per lyste opp – han hadde jo alltid ynskjt seg ei ko. Men det veit jo du allereie dersom du har lest historia frå 1. desember. Og om du ikkje veit da, ja då har du entan altfor dårleg husk, eller så he du ikkje lest frå byrja. Og lese frå byrja du. Så om du ikkje veit kva eg snakkar om, ja då må du lese frå byrja, slik at eg slippe å kjede alle dei som gjer da korrekt og les frå byrgja med formaningar som dei ikkje trenge å høyra.

Men kvar var eg? Jau, det var han Per og han hestemakjaren H Brand. Per Spelmann hadde aldri likt hestemakjaren spesielt gøtt, men samstundes visste han at hestemakjaren stort sett var ein real kar som ikkje byte bort svin for perlar. Og når det e du som har perlane og han som har svinet, jo då e det ei av det beste egenskåpa motparta di kan ha i ein handel. Per stoppa difor opp på sin veg mot stova si, eller skjenkestova hass Jeppe – han hadde itj bestemt seg åt kva for ei stove han skulle gingje enda – og blei ståande og tenkje. Djupt. Skikkeleg djupt. Furar i andletet djupt. Botnen av havet djupt. «Utroleg-filosifisk-spørsmål djupt». Ned i det djupaste djupe av menneskjesinnet djupt. «Kokje suppe på ei spikar med spenninga som fyringsmaterial djupt».

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar