4. desember – Luke 4

Dagens hending med kulturministerdami, resten av tilskoderane, monstersalata og nestenfallet på den skarpeste knivå frå skuffen, var kun den øvste kransen av kransekaka på toppen av vonbrotsfjellet hass Per. No i desse moderne tidar har itj folk respekt for spellmenn lenger. Dette var noko Per hadde fått merkja i lang tid allereie. Dagens ungdom gjer ikkje faen i en eller annan felespelande mann, det e ikkje det dei kaller EDM. Då hjelpe det lite at han Per e Fyrsten, Fyrsten av Felespel. Og dei eldre e itj betre, dei e faktisk verre der dei sit i krokane og hookar mens dei desperat prøvar å være lættis og gaular spørsmål av typen «om han Per ikkje kan spele noko heismusik». På verdsveven er ein dansk ballsparkar med fortid frå Tyrkia ein ut av dei mest kjende spelmennene. Kanskje det no var på tie å prøyve noko nytt? Økonomien hass Per var ikkje god, han hadde nemleg itje en dagtidsjobb, og med færre og dårligare betalte speljobbar begynte bankboka å bli rett så skrantande. Å kjøpa ei ku hadde ikkje han Per råd til, men en bytehandel med hestemakjaren kunne vore mogleg. Då ville han samstundes kvitta seg med fela som i så lang tid hadde voldt ham vondskap. Per Spelmann byrja å gå i retning hestemakjaren.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar