5. desember – Luke 5

Per hilste på hestemakjaren og spurde om han ville byte bort kua for fela hass Per. Han hestemakjar H Brand var lite grann skeptisk i burja. Kva skulle vel han med ei fele? Ein hestmakjar har vel ikkje meir bruk for ei fele enn han har bruk for ei ku? Men så kom han H Brand litt på gli, han kom nemeleg pau at byteøkonomi var i vinda for tida. Og som hestemakjar på bygdi i Norgi så e da så utruleg vikteg å følgja med på den nye utveklinga. Det e trass alt utviklinga som blir dei nye trendane, og trendane dei e viktege. Han H Brand var bygdis ekspert på trendar etter å ha delteke på eit eksklusivt MBA-kurs i regi ut av Noregs Handelshøgskule. Det heile bygdi visste, men let som om dei ikkje visste, var at han H Brand hadde stått for cateringen på kurset og all kunnskap han hadde om trendar hadde han fått då han attakkerte førelesar Ola Grytten i alle pausane. Uforståeleg for H Brand blei han aldreg invitert tilbakje att, men kunnskapen kunne i alle fall ingen teke i frå ham. H Brand så sitt snitt til å halde ei lita forelesning for Per – spellemenn har jo trass alt ikkje peiling på noko så avansert som trendar – det e det berre hestemakjarar og ingen fleir som kan.

Per kjende hestemakjaren godt nok til å vita at no gjaldt det å halda kjeft. Når hestemakjaren fyst begynte å prata om trendar, utvekling og byteøkonomi, då var det berre å late han fortsette og nikke på dei rette plassane. Etter noko som for Per kjentas som lenge og lenger enn lenge, var omsidar hestemakjaren ferdig med utgreiinga og sa seg villeg til å byta. Per så møjligheta og svarte nølande: «No som du he snakka så fløtt om trendar blei eg litt uusekar. Om vi verkjeleg skal gje eit gøtt bidrag til byteøkonomien, så må vi byte meir. Har du noko meir du kan byta bort?» Han H Brand blei fyst litt paff, men henta seg raskt inn igjen – ingen i bygdi skulle vere betre på nye trendar og byteøkonomi enn han. Hestemakjaren føreslo derfor at han Per skulle få kubjella og fôr for heile vinterhalvåret med på kjøpet. Per nølte ein augneblinkj – dette var det avgjørende augneblinkkjet – skulle han byte bort fela mot ei ku? Skulle han vente på eit betre tilbod? Ellar skulle han halde seg til felespelet?

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar