8. desember – Luke 8

Båe han Per Spelmann og han hestemakjar H Brand var ivrege på å få gjennomført bytehandelen, så Per slo følge med hestemakjaren til hestemakjarslottet. Sjølvsagt var det itte egentlig eit slott, riktignok stod det eit tårn på hestemakjarens tomt, men tårnet var av typen silo, og itte av type middelaldar med plass til ei innestengt, vakkar, så vidt vaksen, kvinne med longt hår av type jomfru. Hestemakjaran e for øvrig svært oppteken utav likjestelning, så kvis han hadde hevi et tårn av type middelaldar med plass til ei innestengt, vakkar, så vidt vaksen, kvinne med longt hår av type jomfru. Ja så hadde han hestemakjaren delt toppetasjo i to separate delar og plassert ein vakkar, så vidt vaksen, mann med longt hår av typen jomfru i den andre delo utå toppetasjen. Med full likestelning kunne ingen ha sagt noko på at han hadde fanga ei kvinne med tårnet sitt. Han mannen e det uansett ingjen som bryr seg om.

Han H Brand draumde ofte om å ha eit slikt tårn, det ville nemleg ha generert mykje positiv oppmerksamd rundt hestemakjarvirksomheten hans. Vel framme med slottet gjekk H Brand for å hente koa, mens Per venta på gardsplassen. Per så seg beundrane rundt. Eit stort våningshus, fleire låvar og stallar, den omtalde siloen og store markar dekka med gras som sjøv no sent på året såg mjukt og delikat ut. Per tenkte han kanskje ville kunne utvide stovo si i nærmaste fremtid no når han var blitt gründar. Ku-bransja må då være lukrativ med dei høge tollbarrierane som e her i Noreg, og gründar e jo det nye kongsordet her i landet. Ein gründar på kvart eit nes og kvar ein fjelltopp er det som behøvas for å lose Noreg inn i fremtida. Det grønne skiftet gjennomføras med tusenar på tusanar av kuar på det grønaste grass. Per var på veg inn i ein herleg dagdraum då han så H Brand kome rundt hushjørnet leiande på koa.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar