Kua såg ut akkurat som han Per hadde førestelt seg. Brun med litt kvitt her og der. Og ojojoj – for nokre jur ho hadde tenkte Per, før han resolutt skøyv den tanko langt, langt bort. Tankar om størrelsa på mjølkeproduserande kroppsdelar på hokjønn skal man verre forsiktig med i desse #MeToo dagar. Han Per har den største respekt for #MeToo-kampanjen, og er ein av dei styste motstandarane av seksuell trakassering i heile bygdi. Å kunne verte anklaga for å ha seksuelt trakassert si nye, og til no einaste, ansatte i si nye mjølkeproduserande gründerbedrift ville ha vorte undergango for han Per. Han Per ynskjte å få ei så optimal start som mogleg på mjølke- og ostiprodukajona, og bestemde seg for å vere særs påpasseleg med å itte utnytte maktposisjonen som føljer med sjefsrolla hans.
Heldigvis for Pers del hadde han på detja tidspunktet ikkje tenkt øve at ei særs sentral del av utøvinga av arbetet i den nye virksomheta hass Per, var nettopp gjentakande beføling av desse mjølkeproduserande kroppsdelane. Dette skulle volda han Per store kvalar, men enn så lengje levde han lykkjeleg uvitande.
Han hestemakjar H Brand rakte tøylane, om det e det man kallar tauet rundt halsa på ei ku, til Per og rekte han ei sekk med litt fôr til den fyste perioda. Hestemakjaren fortalde at kuas navn var Dagros. Dette overraska ikkje Per, sidan han visste at Dagros var det meist populære kunamnet i 15 av landets 18 fylkje. I Akershus og Oslo måtte Dagros se seg slegen av Rosa, i Vestfold av Trulte, mens finnmarkingana e heilt galne og noko for seg sjølve. For i Finnmark e Dagros berre det tredje meist populære kunamnet bak både Litago og Svarta. Tenke seg te å kalle opp kua si etter ei sjokolademjølk. Du lurar kanskje på korleis han Per har så god kjennskap til kunamn? Jo da e fordi han Per e ivrig lesar av Tines Kukontroll, spesielt 2004-årgongen. Denne alldeles utmerka rapporta inneheld mellom anna ein fylkjesvis øvesikt over kuar med namn. Faktisk e statistikk øve kunamn så vektege at regjeringa teke seg tid te å granska denne informasjona for derettar å publisere den på nettsia si.
Det som derimot overraska han Per litt, var at kua hadde dobbelnamn. Men det e jo populært i desse dagar, eit namn frå han far og eit namn frå ho mor. Dagros Fagerlin var kuas fulle namn. Per kjende bokstaveleg talt ei bør bli løfta av skuldra sine då han rekte fela si til hestemakjaren. Per ba hestemakjaren ta gøtt vare på felo, tok tak i tøylane og la i veg. Kubjella var allereie festa trygt og godt rundt halsa hass kua, og klinga og plinga nøgd mens dei to nye gründarane gjekk mot stovo hass Per.