Vel framme ved stovo plasserte han Per ho Dagros Fagerlin på den lille grassflekka han disponerte. Sjølv om itte grasset var so grønt som hos han hestemakjar H Brand, var grasset overraskande grønt og frodig med tankje på at det var so seint på året. Kanskje årsaka til grønheten var at grasset hass Per låg på den andre sido ut av gjerdet, noko som visst skal vere bra. Ho Dagros Fagerlin rauta fornøgd og han Per kjende seg rimeleg fornøgd sjølv. Ikkje meir felespel som ingen sete pris på, men en fremtid som suksessfull gründar og motor i det grøne skiftet. Herleg!
Imidlertid oppsto snart problemar. Per kjende jo sjølvsagt til prinsippa rundt kosleis man mjølkar ei ko, men han hadde itje tenkt øve dette i lys av den store #MeToo-kampanjen. No når han stod her med ho Dagros Fagerlin for å mjølkja ho vart han veldeg obs på kor alvorleg det er med berøring av hokjøns mjølkeproduserandre kroppsedelar. Han Per synas det er veldeg vikteg med nulltoleranse mot seksuell trakassering, noko som medførar at han som dagleg leiar ikkje kan trengje seg inn i dei ansattes intimsone. Det ville ha vore å utnytte maktposisjona si. Per lurde litt på om berøringar hadde vori ok dersom dei var i eit forhald, men å innleie et forhald til ei av sine ansatte ville også vori utnytjing av maktposisjona hass. Dessutan e jo ho Dagros Fagerli ei ku, så eit forhald ville ha vori fel på så mange måtar.