11. desember – Luke 11

Det å itte mjølke ho, var hellar itte no alternativ – det ville nemleg ha vore dyremishandling. Han Per kom derfor frem til at han måtte mjølke ho Dagros Fagerlin, men bestemde seg for å i alle fall halde augo lukka, slik at trakkaseringa kun ville bestå av berøringar, og itje både berøringar og blikk. Eit problem var dermed haløvveis løyst, men snart dukka det opp fleire. Osti han Per produserte smaka ikkje gøtt. For å vera heilt ærleg smaka osti rett og slett dårleg. Ikkje at det er noko gale med dårleg ost. Han Per har svinga seg mong ei gong til dansebandet «Dårleg ost», men det å eta dårleg ost da e ikkje noko å trakta etter. Mjølki frå ho Dageros Fagerlin smaka derimot ok, men ikkje noko meir enn det. Og på toppo av det heile, eller rettare sagt det som gjennomsyra det heile, kom saknet etter felo.

Han Per Spelmann hadde trass alt spela fele heilt sida han fekk fingrar til å traktere navlestrengo. Og han og felo hadde vore som uatskillelege heilt sidan han var blitt stor nok til å klare å bere fela med seg. No når han og fela var atskillt kjende han saknet djupt. Skikkeleg djupt. Furar i andletet djupt. Botnen av havet djupt. «Utroleg-filosofisk-spørsmål djupt». Ned i det djupaste djupe av menneskjesinnet djupt. «Kokje suppe på ei spikar med spenninga som fyringsmaterial djupt». Saknet blei bare verre og verre dag for dag, time for time, sekund for sekund. Og til sist brast det for Per, og han blei sitjande og grete ved kjykkjenbordet. Ja så no e vi tilbakje att der du fyst trefta han Per, der han sit og spørre seg: Kva hadde han gjort? Kva skulle han gjeri? Kvisleis kunne han ha vori så ufatteleg dum? Om du har nokre forslag, ja dau e da på tie å koma med dei.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar