12. desember – Luke 12

Han Per Spelmann sukka oppgitt medan tårane fortsatt strauma og snøret rant. Han senka blikket og såg med eit mellom tårane at han hadde greti eit hol i bordplata. Dette holet vart som eit under for han Per. Rett nok ikkje eit under av bibelske proporsjonar, men eit meget godt kvardagsunder. Per slamra knytneva i bordplato. Han ville ikkje vere ein sånn ein person som gret hol i bordplato. Ikkje at det e noko gale med personar som gret hol i bordplato. Ikkje overraskande har storgrinarane i bygdi eit eget danseband, som han Per har svinga seg te mong ein gong. Per har stor respekt for storgrinarane – dei e følkj som vågar at visa kjensler, noko Per synas e bra.

Men akkurat no kjennar Per at nok får vara nok. Det går ikkje med kua. Ei viktig del av det å vera gründar er å kunna sjå når nok får vara nok. Det er ikkje noko poeng i å lukka auga, sykle pau og håpa at alt endar gøtt tel slutt. Plutseleg sit du der med 60 millionar i gjeld og så kjem bankji og teke stova di og alt du eig. NEI. Og ikkje minst gjeld det å leva livet, rett nok innanfor rimelige grensar som gjer mat på bordet, men likjavel lev livet. Og for han Per, jau så e fela livet.  Han Per reiste seg og ropte høgt: Eg må byte bort kua og få fela igjen!

Per tørka bort tårar og snør mens han gjekk mot døri med bestemde skritt og tenka: No skal det bytas! Per åpna døyri, myste eit par sekundar mot lyset, og då auga hade tilpassa seg frøys han til is i ei sjokkstilstand. Per kunne ikkje tru kva han såg.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar