Ho Dagros Fagerlin var borte! Han Per Spelmann såg til høgre, han såg til venstre, han såg opp han såg ned, men kua var ingen stad å sjå. Fortvila løp han rundt heile stovo, ja han sjekka til og med på begge sida av gjerdet, men fortsatt inga ku. AHHH! Per brøla og kjende tårane pressa pau igjen. Tenkja Per, tenkte Per til seg sjølve. Koa e tung. Graset e mjukt, grusvegen e mjuk. Og dette e ikkje eit dikt. Altsau sete koa spor i både graset og pau vegen. Per gjekk bort til den opne grinda og bøygde seg ned. Og ganske riktig – rett ved sidan av fotavtrykket til den avskyelege snømannen var det ei rekke med klovavtrykk. Kua hadde ganske enkelt berre gått ut grinda, sikkert berre ei lita luftetur. Til og med kjendiskyrne på TV2-Farmen har jo gått ei luftetur utan tillatelse. Ho kjeme sekkart snart tilbake. Per ville uansett ikkje være ein sånn ein sjef som stengar dei ansatte inne i produksjonslokala – berøringa av dei mjølkjeproduserande kroppsdelane e gale nok, om han ikkje skal vorte anklaga for å fengsla sine ansatte også. Det e grensar for kor monge ulovleghetar det kan vera selv i ei lita gründerbedrift på bygdi i Noreg, kanskje spesielt i ei lita gründerbedrift på bygdi i Noreg.
Men kva kvis dette ikkje var ei lita luftetur? Kva kvis ho Dagros Fagerlin itte trivdes og difor hadde stukki av? Kanskje ho til og med hadde høyrt all grininga til han Per. Ved nærare ettartanke var det ganske så sannsynleg at ho hadde høyrt all grininga, kjend seg lite verdsatt og stukki. Per bestemde seg for å følja sporet hoss Dagros Fagerlin og la i veg med blikkjet konsentrert retta mot bakken. Sporet leda mot bygdi. Per sat eit godt tempo og kjende seg med eit mei sjølvsekar – han kom til å finne kua. Men med eit var spori borte. Per forstod ingating og virra med blikkjet i alle retningar, men så såg han det. Han hadde asfalt unde bena. For fyste gang på år og dag banna Per høgt. «Forbanna moderne fremskritt! Berre fordi Luciatoget ginge forbi her, trengje man jo ikkje asfaltera!»