14. desember – Luke 14

Per børja hoppa og veiva med armane som ein galning medan han ropte ukontrollert. Han Per såg ut som ein kvakkande, rasande Donald Duck, og må ha vore litt av eit syn der han hoppa rundt i Spelmannkleda sine. Ettar kvart fann han noko som ligna på ro igjen. Den fyste innskytelsa hass Per var å leite etter ho Dagros Fagerlin, men ei anna trang var sterkare. Tranga etter fela. Per kjende på seg at han itj kunne leve stort lenger utan fela og ga seg i veg til hestemakjaren. Han H Brand måtte då kunne gå med på ei bytehandel med etterskotsbyta. Kreditgjeld og forbrukslån e jo i vinda som aldreg før, så kvifor ikkje kreditbytte.

Kort tid senare var Per framme med hestemakjaren sin gard og bankja på døra. H Brand opna døra og hilste overraska, men hyggeleg. Tona var fort ei litt anna da Per fortalde at han ynskja å byte kua mot fela. Hestemakjaren rynka på bryna og la i veg på eit av føredraga sine om at eit byte er eit byte, og bla bla yeti, yeti. H Brand hadde store planer for fela, som var verdt mykje mer enn ei ku. Ei ku han for øvrig ikkje trengde. Då Per fortalde om idea med etterskotsbyta og kva for ei übermoderne vri på kredittrenda det var, såg Per bokstaveleg talt dansefota hass H Brand begynna å rykke. Hestemakjaran tende tydelegvis på idea, så Per foreslog at dei to skulle starta gründarvirksomhet saman. Per såg siklet begynne å renna nedover haka hass hestemakjaren i større elvar enn heile langrenns- og skiskyttarlandslaget i kombinert. Det var reine Niagarafalla. Då Per tilbøy hestemakjaren rolla som Adm. Dir og CEO måtte hestemakjaren kapitulera. Tanka på å starta ei gründerbedrift som garantert ville bli ei legendarisk børsraket av typa Einhjørning, var for freistande for hestemakjaren til at han kunne takka nei. Han hadde nemleg alltid drøymt om Einhjørningar.

Byteavtalen var dermed eit faktum, men H Brand nekta å godta eit etterskotsbyta. Han Per fortalde at ho Dagros Fagerlin berre sov ei lita lur, at han ikkje ville vekka ho, og at dei like gjerne kunne gjera bytet no. Men hestemakjaren sa nei. Da Per såg at hestemakjaren begynte å bli mistenksam – og lure på om han Per ikkje hadde koa lenger – skjønde Per at han måtte gje seg. Dei besegla avtala med eit håndtrykk og Per lova å komma tilbake med kua om ikkje lenge.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar