15. desember – Luke 15

På veg frå gårda hass hestemakjaren lurte han Per på om han itte berre skulle stjele heile fela no med ein gong? Han og fela kunne jo berre stikke av, leve livets glade dager på rømmen i noregske skogar og bygdar, som ein slags Robin Hood med fela. Men han Per e ingen tjuv, så ettar ei kort overveiing gjekk han slukøret frå hestemakjarslottet.

No var gode råd dyre, ellar var dei det? Per kom frem til at det einaste valet han hadde var å finne ho Dagros Fagerlin. Han Per laup derfor til asfaltstaden dar spora hoss Dagros Fagerlin stoppa. Der begynte han å gauka og lokka på kua av full hals medan han bevegde seg i retning bygdi. På veg inn i sentrum av bygdi trefte han ei gamal kjerring, som kunne fortele at ho hadde sett ei ku vandre gjenom bygdi på veg mot vinsjan på kaia. Per takka så gøtt han kunne, og noterde seg bak øyro at han skulle laga ein sang til den gamle kjerringa. Ja faktisk skulle han lage ein sang om hele denne opplevinga, så snart han berre fikk tak i fela igjen. Kvis han fek tek i fela igjen…

Vel framme ved vinsjan såg Per seg håpefullt og desperat rundt, men inga ko var i sikte. Kaia var totalt fri for både dyr og menneskjar. Per tok den imaginære tenkehatta opp fra lomma og putta han på hovudet. Tenkje, tenkje. «Kva hadde eg gjort om eg var ei ku?» sa han halvhøgt til seg sjølv og fortsatte: «Heisa meg sjølv opp i vinsjan? Lite truleg. Tatt meg eit forfriskande bad? Nei – ikkje i denne temperaturen med desember gøtt i gong. Fisking blir litt vanskjeleg utan hende. Men kva gjer eg ved kaia då? Kva finnas ved kaia, bortsett frå dei omtalde vinsjan?» Per såg seg rundt. «Bautar?» Bautar i alle fasongar og sørrelsar var laina opp, langs kaio, ingen vinterlagring på land her i bygdi. «Men kuar kan då ikkje kjøyre bautar, langt mindre koma seg inn i ei utan hjelp. Ei ko trengjar noko relativt flatt for å kome seg på bauten. Som eit påkjøyringsområde for bilar… » Per skjønde med eit kva han hadde gjort ved kaia om han var ei ku – han hadde teki fergo.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar