16. desember – Luke 16

Fergo har haldeplass på utstikkaren heilt i andre enda utav kaia, og Per kunne sjå at fergo låg der nå. Skinnande og nydeleg i desembersola. Han Per la pau sprongj som han aldrei før hadde sprongji, men før han hadde komi halvveigs såg han at porta, eller bauga eller kva det no hetar, begynta å senka seg nedover. «Hei! HEI!» begynte Per å ropa så høgt han kunne, sjølv om han visste at kapteino neppe høyrde han. Og om kapteino mot formodning skulje høyre ropa hass Per, så visste han Per at kapteino aldreg ville stoppje. Han kapteino var nemleg ein sta gamal grinebitar. Ikkje at det er noko gale med stae gamle grinebitarar. Han Per har svinga seg til dansbandet beståande av stae gamle grinebitarar mong ei gong, og det svengjar verkeleg. Dessutan e det ei slik sta, gamal grinebitar haldning som gjer at fergo kun har hatt presise avgongar dei siste fyrti aura. Kanskje burde alle bautar, tog og bussar i Noreg skaffe seg slike sta, gamle grinebitarar tel kaptein.

Per nærma seg og såg ei skikkelse i styrrommet som måtte vara kapteino. Eit lite håp vart tend, kapteino hadde alltid likt han Per og det nærma seg jul, så kanskje han ville gjere eit unntak? Men nei. Da Per var tjuge metar frå fergo lag den frå kai med kjenningsmelodia på full guffe som vanleg. Og aldri hadde kjenningsmelodia til fergo låte meir deprimerande:

Dar fer fergo, gamle fergo

Tak av deg høyrklokka å høyr.

Dar fer fergo, gamle fergo

Dinge-dinge-dinge-dinge-dinge-ding

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar