17. desember – Luke 17

Per lurde på om han skulle hoppe uti vatnet og symje etter fergo, men slog tanken raskt i frå seg. Han Per var ingen framifrå symjar, vatnet var kaldt og fergo akselererte raskt. For ikkje å snakka om malstraumane som visstnok blir laga rundt propellane. Per deisa ned på kaia, fortvila som han var. Igjen kjende han kjensla og tårane pressa pau. Fergo var itte tilbaks før om eit par timar, og ho Dagros Fagerlin ville få fleire timars forsprang på han. Nei, det ville vere betre å følje ettar fergo umiddelbart, men kordan? Per såg seg rundt på kaia. Ikkje eit menneskje å sjå. Eller? Er det nokon som liggje og drar seg i sola borte ved småbåtkaia? Kven kunne det vara? Per stavra seg på bena og gjekk mot kven det no var som låg i sola og søv.

Ettar kvart som Per kom nærmare såg han at det heilt klart var ein person. Ein rett så omfangsrik person, men han hadde hatto øve ansiktet så Per klarde ikkje kjenne han igjen. Per stilte seg ved sidan av den søvande, snorkande kroppen og sa eit prøvande «Hallo?»

Kroppen rykka til på ei doven måte, ein hårate hånd fjerna hatta, og eit trøyt og velkjend andlete stirra mot Per. Det var Tjuvradd Tjukken. Tilnamn brukast ofte ironisk – Lille John var jo til dømas ikkje spesielt litan – men i tilfellet Tjuvradd Tjukken e tilnamnet så langt frå ironisk som øvehodet møglig. Han Tjuvradd Tjukken e ei skikkelig tjukkas, og det blir ikkje betre av at han rett som det e går med blåe klede. Men ikkje misforstå, sjølv om han Tjuvrad Tjukken e tjukk, så e han også i rett bra form. Han e ein skikkeleg mongekamputøvar. Temmeleg rask, god på mellomdistanse, ein ekspert på hekke- og øvreg hinderforsering samt dykteg meg sleggjo. For øvrig e det ingen i heile bygdi som nokon gong har høyrt noko anna navn på Tjuvradd Tjukken, så for alt bygdifolket veit e Tjuvradd Tjukken døpenamnet hass Tjuvradd Tjukken.

Per fortalde at han hadde mista fergo og at han itj kunne vente til fergo kom tilbkje att, han måtte dra no, og lurte på om han Tjuvradd Tjukken kunne hjelpe. Tjuvradden strekte seg dovent i sola og karra seg opp på bena medan han klødde seg ettertenksamt på mago. «Sjølvsagt kan eg hjelpe», svarte Tjuvradd Tjukken, men «då veit du kva du må gjere fyst, sant?» Per såg forferda på Tjuvradden. Sjølvsagt visste Per kva han måtte gjere for å få noko av Tjuvradd Tjukken, heile bygdi visste det, men det var ikkje noko han Per hadde lyst til å gjera.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar