Tjuvradd Tjukken var berykta for kjenningsmelodia si. Kvar gong han skulle ut og røva lista han seg riktegnok svært så stilt på tå, men det hjalp ikkje når han pau død og liv skullje syngja songa si før kvart einaste brekk. Fleire gongar enn fysteklassingane i bygdi kunne telje, hadde han Tjuvradd Tjukken måtta øvenatta hos han lennsmannen grunna ordensforstyrring. Per mistenkte at kvis Tjuvradden ikkje hadde hatt denne tvangsnevrosa – for Guds skyld ikkje si slikt så Tjuvradden høyre det, då kan det gå deg ille – jau så ville Tjuvradden levd i sus og dus ein ellar anna stad. Tjuvradd Tjukken hadde rett nok blitt pågrepe for ei rekke forbrytingar også, men kvar gong hadde han forklart at det ikkje var han, men Syndebukji som var skurken.
Syndebukji e så spesiell at han skulle hatt sitt eige kapitel, men det har me itte tid tel. Alt du trenge vite om han Syndebukji e at han bor gratis i geitehuset pau Synde Gard mot at han teke av seg gjeita, og at han til stadeg teke på seg skylda for all slags forbrytingar i bygdi. Når tredjeklassingane ikkje har gjort leksa sine, e det fordi han Syndebukji har ete kladdebokji. Når hans høghet Ordføraren ikkje har med seg tala, jau då e det fordi han Syndebukji har ete både utskrifta, mobila og nettbrettet før han tok PCen til dessert. Tala finns hellar ikkje på backupservaren, fordi Syndebukji sjølvsagt har gnaga i seg nettverkskabla også. Skal man tru bygdefølkji og Syndebukji e det heilt utruleg at noko som helst verte gjort i denne bygdi. Ingen i heile bygdi, eller for den saks skuld i heile Noreg og resten av verda, kan vere meir gjenomdigitalisert enn han Syndebukji.
Men tilbakje åt han Per Spelmann og han Tjuvradd Tjukken. «Må eg?» spurde Per svakt og nølande. Tjuvradden nikka bestemt, og Per skjønde det berre var å begynne.
Ahahahahahahah Tjuvradd!
Ahahahahahahah Tjuvradd!
«HØGARE!», brøla Tjuvradden. Tjuvradden hadde bøygd armane i albueledda og gjynga armane taktfast fram og tilbakje samstundes som knærne hans rytmisk fekk e lita knekk. Kvar gong Per sang «Tjuvradd!» fekk Tjuvradden ei ekstra knekk i kneo og svinga ekstra med armane. Per såg seg nervøst rundt, Tjuvradd Tjukken var ikkje ein ein burde blir sedd i lag med, spesielt ikkje syngjande på kjenningsmelodia hass Tjuvradd Tjukken, men auka volumet på stemmebruken litt.
Ahahahahahahah Tjuvradd!
Ahahahahahahah Tjuvradd!
Tjuvradd!
Tjuvradd!
No klarde ikkje Tjuvradden halda seg lenger. Han opna munno og som ein slags mutert kombinasjon av Alex Rosen og Bjarne Brøndbo gaula han i veg.
I was caught
In the middle of a railroad track. Tjuvradd!
I looked ’round
And I knew there was no turning back. Tjuvradd!
My mind raced
And I thought, what could I do? Tjuvradd!
And I knew
There was no help, no help from you. Tjuvradd!
Sound of the drums
Beating in my heart
The thunder of guns
Tore me apart
You’ve been – Tjuvradd robbed
Went down the grusvei
Broke the limit, we hit the bygd
Went through to Bygdi
Yeah, Bygdi, and we had some fun
We met some banks
Some banks who gave a good time
Broke all the rules, played all the fools
Yeah-yeah, they, they, they blew our minds
I was shaking at the knees
Could I rob again please?
Yeah, the banks were too kind
You’ve been – Tjuvradd robbed, Tjuvradd robbed
Yeah-yeah-yeah, Tjuvradd robbed
Oh, Tjuvradd robbed
Yeah
Tjuvradden heiv seg rundt i den villaste luftgitarsoloen han Per nokon gong hadde sett før han tok opp att syngjinga.
Tjuvradd robbed, yeah-yeah-yeah
Tjuvradd robbed, Tjuvradd robbed, Tjuvradd robbed
Whoa, baby, baby, Tjuvradd robbed
You’ve been Tjuvradd robbed, Tjuvradd robbed
Tjuvradd robbed, Tjuvradd robbed
You’ve been Tjuvradd robbed
Tjuvradden lot dei siste songtona fade ut saman med det siste luftgitarriffet. Før han såg oppspelt på Per og sa: «Det var den bauten ja».