19. desember – Luke 19

Per fulgde etter Tjuvradd Tjukken bortøvi småbautkaia til noko som ettar Pers augemaul ikkje var ei småbaut som passa inn i bygdi. Han Per hadde ikkje peiling på bautar, men trodde det måtte vere ein sånn ein kabinkrusar. Tjuvradden løsna fortøyinga medan Per gjekk om bord. Minuttet seinare vred Tjuvradden om nykkelen og fekk fart på bauten utøve vannet. Per kjende vinda ruske i både hår og klede og følte seg optimistisk att. Fergo hadde ikkje altfør stort forsprang, kanskje kunne dei ta inn noko, og ho Dagros Fagarlin ville i alle fall ikkje vere øve alle skogar og heiar når han Per kom øve på andre sio.

Tjuvradden auka farta og byrja på Rosén Brøndbo versjonen av «Ahahahahahahah Tjuvradd!» igjen, så Per tenkte det var like greit å småprata litt for å få høyra noko anna. «Litt av en baut du har.» «Jaja mensan» svara Tjuvradden. «Eg har ynskjt meg denne bauta rett lenge no, og endelig fekk eg somla meg til å låna nykjelen.» «Men du spurde fyst?» spurde Per. Tjuvradden grynta, «du kan gøtt seia så om du kjennar deg betre. Men desse hestemakjarane har altfør mykje pengar». Per stupte ned i botnen av bauta. Dei hadde nyss stjålet hestemakjaren sin baut, ein mann Per var avhengig av å ha eit god forhald te. Per håpa berre at ingen hadde sett han i bauten, eller for den saks skyld på veg til bauten. Han Per banna igjen. Kosleis kunne han ha stolt på ei som heitar Tjuvradd Tjukken? Idiot.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar