Han Per våga seg ikkje opp i sitjande stilling før dei var komne longt ut på vatnet, og sjølv då held han hovudet lågt. Aldreg gøtt å vita kvar hestemakjaren eller hans frendar held tel. Da dei nærma seg nabobygdi på andre sio utav vatnet ba han Per han Tjuvradd Tjukken om å leggja til kai så avsidasliggjande som møjleg. Tjuvradden smilte bredt og sa av ein ellar anna grunn at han Per var en mann med haldningar som passa gøtt inn i Tjuvraddens omgevnadar. Per forstod ikkje kva han meinte med det, men let sako liggje og spurde i staden om Tjuvradden kunne venta te han kom tilbakje att. Det var nemleg ikkje sikkart han Per vilje rekke siste fergo, og han hadde lite lyst tel å øvenatte her i nabobygdi. Tjuvradden hadde ikkje noko problem med da og fortalde at han hadde noko julebissniss han skulle handtere her i bygdi, så ei sen avgang eigentleg berre bra.
Med begge beno gøtt planta på jordi rusla Per så tilforlateleg som mogleg i retning fergekaio der fergo låg og venta pau neste avgang med «Dar ligg fergo, gamle fergo» straumande frå høyttalarane. Vel framme ved fergo stoppa han og såg seg rundt. Kaio var av betong, ellar asfalt eller noko slikt hersans hardt materiale. Ikkje det at han Per har noko i mot harde material i vegane, han Per har den styste respekt for harde material i vegane. Ja han har svinga seg mong ein gong til det lokale dansebandet Harde Material i Vegane, og få ting svengar som dei svengar. Men akkurat no øydelegg det harde materialet for sjansane til å spore opp ho Dagros Fagerlin.