21. desember – Luke 21

Per lurde på kva han skulle gjera då han med eit høyrte nokon seie: «E da ein framifå framandkar som he kømi tel bygdi? Kva vil så han her?» Per snuddje seg og fekk sjå ein gamal snekkar med langt tjafsete hår. Noko som eigentleg var eit rart syn sedan nabobygdi ikkje hadde noko særs med tremateriale tilgjengeleg. Per smila og fortalde at han var på utkikk etter ei ko som hadde fært med fergo, og spurde om snekkaran tilfeldegvis ikkje hadde sett noko til ei ko. Snekkaren fortalde at det hadde han. Det høyrde til sjeldanhetane at ei ku reisar med fergo, i alle fall åleine, så han hadde slått av ei prat med kua då ho kom i land. Det viste seg at koa hadde tenkt seg til seters for å gjera seg fet, noko som var ganske så rart i seg sjølve sedan ei ku trass alt ikkje e ein bukk.

«Til seters?» spurde Per overraska. «E da ikkje snø der oppe no? Og e da ikkje om somaren man skal til seters for å gjera seg fet?»

«Nei dau» svara den gamle snekkaran. «Det e sjeldant snau her i bygdi. Og det e vel inga tid på året der menneskje ete så mykje som i jula, så kvifor skal ikkje dyra også få eta seg fete i jula?» Per måtte innraume at det var nokre korn av visdom i orda til den gamle snikjaren med det longe og tjafsate håret. Og kva anna val hadde vel han Per enn å stola på desse orda? Per takkja så mykje for hjelpa og la i veg mot seters.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar