Han Per trakka bortøvi og han trakka oppøvi. Han trakka opp røysar og trakka ned gras. På vegen trakka han i fotspora til monge store menn, og i fotspora til nokre få store kvinner. Det e no engong så at det både historisk og no til dags e fleire store menn enn det e store kvinner. Så det at Per for det meste trakkar i fotspora til store menn e ikkje for å vera diskriminerande. Han Per har den styste respekta for store kvinner og har svinga seg til bygdis Store Kvinner Danseband mong ei gong.
Ettar kvart begynte terrenget å verkeleg brantna til og han Per nærma seg seters. Men for å komma til seters måtte han Per fyst kryssa ei bru like øve fossen, og det var denne brua han Per no såg ikkje så longt unna. Brua såg gamal og knirkate ut, men han var i alle fall laga ut av trevirke som var solid. I alle fall trevirke som ei gong i tida var solid. Like ved bruset fra fossa stod tre bukkar – ein lita, ein mellomstor og ein stor – og breka te kvarandre. Det verka som om dei diskutera eit ellar anna. Han Per hadde alltid hatt eit godt lag med dyr, og alle timane han hadde hatt med ho Dagros Fagerlin i det siste hadde gjort han enda meir mottakeleg for dyrs formidlingar. Sau dau han var nærare skjøynde han Per gjønom bruset frå fosso kva dei tre bukkane breka om.
Det budde eit troll under brua!
Eit mørkt DA DA DA med lydo av av piano og strykare gjalla gjønom Per. Eit troll! Kva kan ein ellar annan felespelande mann utan fele gjere når eit troll stende undar vego øve brua?
Med eit høyrte Per noko meir, noko som ikkje var bukkanas breking ellar fossas brusing. Det var ei djup og summande buldring av mekteg karakter. Per stoppa opp og lytta. Det var noko kjend med denne lyda, djup og krevande, som frå ei… jau som frå ei gigantisk oktobass… storebrora hass betydelig meir kjende kontrabassen. Overraska som han var tenkde han Per fyst at trollet hadde fanga den stakkars oktobassisten hass Montreal Symphony Orchestra, men så slog det Per – det måtte jo vara stemma hass trollet. Trollet sit og jamrar seg!
Per lurde på kvifor eit troll satt og jamra seg og fortsatte nesten heilt bort tel den fyste planko i brua før han stoppa igjen. Ljudo var enda meir intens så nære, og saman med fosso og brekinga til bukkana danna det seg eit intenst infero. Per snudde seg mot bukkane for å høyre kva dei hadde å formidle, og det slo Per at bukkanas breking, frå den relativt lyse bratsjbrekinga til den minste, via den meir mørke cellobrekinga til den mellomste til den mørkaste kontrabassbrekinga til den styste danna ei utmerka strykartrio. For å verta komplett mangla dei berre den ljusaste stemmo: fela.
Bukkane breka om den hersans kua som hadde sprungji forbi dei då dei hadde ei nistepause på ei nydeleg, grøn grassflekk. Kua hadde nådd brua før dei og med hennar visstnok store og stygje klovar og feite rumpe – som om bukkar liksom e så mykje betre – trampa så tungt øve brui at ho hadde vekt trollet som budde unde brua. Trollet hadde tatt beslag i brua ei gong for monge herrans år sedan og krevde bompengji frå alle som ville passere. Standardavgifto for ei bukkepassering var ei halv bukk, mens standardavgifta for ei ku var ei hel ku. For dei som ikkje har fått kladdebokji si eta opp av han syndebukji, og difor e rett e god i matte, betyr dette at to bukkar kan passere brui mot å ofre ei tredje av bukkebrørne sine. For ei einsleg ku e det derimot umøgleg å passera.
Dei tre bukkane hadde itje tenkt å ofra ein einaste av seg sjølve, men tenkt å snika seg øve brui medan han trollet søv. Men sidan trollet no var rasande øve at han hadde gengje glipp ut av ei feit kuavgift hadde han auka avgifto for ei bukkepassering tel to bukkar, og han hadde ikkje tenkt å legja seg tel å søve igjen med da fyste.
For han Per var dette svært dårleg nytt. Han ville ha tilbakje att fela si no. Dessutan e ikkje dette nokon stad å vera når mørkret kjem, sjølv om det er varmt på dagtid verte det iskaldt om netterna no i desembar, og kven veit kva trollet finne pau når det e natt. Per stirra på bukkane, og lurde på om han skulje fånga dei og tilby dei tel trollet for å betala for brupasseringa. Men han Per var inga mordar, og horna hass styste bukkjen verka veldeg svære og farlege. Nei, dau fans berre eit alternativ, han måttje springje øve brua og satse på at han var raskare enn trollet. Per gikk bort til starta av brua igjen og pusta djupt. Bukkane forstod tydelegvis kva han tenkde på, fordi dei stoppa med den evinnelege brekinga si. Per trakk pusta ein gong tel og starta springja. Allereie i det augneblikket fota hass Per traff den fyste planko i brua rungja eit djupt og mekteg «Kven e det som trampar på mi bru?» gjenom marg og ben.