Av ein ellar annan grunn – kanskje grunna noko trolldom frå underverda – kjende Per at han ikkje hadde noko anna val enn å svara der han sprang så fort han klarde. «Det e han Per Spelmann som skal til seters for å hente ho Dagros Fagerlin som skal til seters for å gjera seg fet.» Per høyrde rene tordenskrallet frå unde brua og kjende heile brua lyfte seg nokre centimeter før den falt ned i gjen i brofesta. Desse uventa bevegingane i underlaget fekk han Per ut av balanse. Han fortsatte laupinga men heile øvekroppi krengja truande tel sio. Og som me alle veit – når ein fyst he kome i ubalanse, jau då e da vanskjeleg å finn att balansa, berre sjå pau dei øvebetala snørrvalpane som springje rundt på fine grasslettar. Så nokre skritt senare smalt Per i rekkverket og kjende ei intens smerte oppstå i sio før han gjorde ei 360-graders rotasjon ein synkronsymjar verdeg og smalt i brugolvet med eit smell. Fortvila prøyvde han Per å reisa seg igjen, men men men det gjekk ikkje. Og han fekk utruleg vondt i naso. Per rakk å undra på om det var enda ei slags trolldomskunst, før han forstod kva som hadde skjedd. Naso hans satt fast i eit hol i brua.
Per høyrde ein masse bråk og lurveleven og antok det var trollet som var på veg opp frå unde brua. Berre trollet ikkje rakk å sperra vegen før Per kom øve. Per plassera begge hendo sia ved sidan av hovudet og dro til alt han makta. Akkurat då han skulle til å gje opp lausna nasan plutseleg og han Per ramla bakøve medan ei fontene av blod sprøyta frå neso i ei fin samanhengjande stråle. Omtåka fann Per lommetørkjlet sitt og prøyvde stoppa blodet medan han skramla seg på beina igjen for å fortsettja øve brua. Men då såg han det. Trollet – for å vera helt presist nettrollet – stod på andre sio av brua og sperra heile vegen. Tre gongar så høg som den høgaste mann og tre gongar så brei som den breiaste mann, stod trollet staut og høgreist dekka av eit grovmaska nettm frå topp til tå. Auga hass var store som tinntallerknar og både nase- og øyrehåra var fleire metar lange.
Trollet stirra på Per og buldra med sin djupe stemme: «Her luktar det fattigmanns blod.» «Du meinar vel kristenmanns blod» svara Per som kunne si historie. «Nei, fattigmanns blod» sa trollet irritert og tok eit skritt framåt medan Per rygga febrilsk. Nettrollet dro langfingaren øve blodet Per hadde etterlete seg på bruplanki og stappa fingera i munna. «Definitivt fattigmannsblod. Animalsk aromatisk med fløyelsbløt konsistens, noe hard og jordaktig og en bitteliten tøtsj av noe treaktig.» Trollet smatta høgt medan han stirra på Per og fortsatte: «Ikkje akkurat perfekt, men gøtt nok.» Trollet satt seg i bevegelse mot Per med skritt som fekk heile brua tel å riste. Per snudde seg sporenstreks og byrja laupa i motsatt retning. I enda av brua såg Per at bukkane hadde stelt seg i noko som likna på ei angrepsformasjon, øve skuldra si såg Per at nettrollet nærma seg, men all nettjinga gjorde at trollet tydelegvis måtte gau og ikkje kunne laupe.
Tilbakje att på andre sio lurde Per febrilsk på kva han skulle gjera. Det var inga små hular han kunne gjøme seg i, og det å laupe heile vego tilbakje tel nabobygdi var ikkje aktuelt. Men så fekk han Per ei god idé. Det stod berre eit einaste tre her i nærleiken, men det var tilgjengjeld eit monstertre av bibelske proporsjonar. Ei gigantisk eik med ei omkrets på fleire metar. Per tenkte at om han laup rundt treet og trollet fulgde ettar ville han få fri bane til brui, og i så fall ville den av dei som var raskast og meist utholdande gingje av med segro tel slutt. Per storma mot treet med nettrollet hakk ihel. Heldegvis fulgde trollet med Per rundt treet og Per kunne med sprudlande gledja sjå den frie opne brui. Per gampa pau alt han haddje og høyurde med eit at trollet stoppa. Per lurde fælt på kvifor trollet hadde stopja men turde ikkje sjå seg øve aksla før han var gøtt øve brui. Då såg han at nettrollet var i ein durabeleg kamp med dei tre bukkane. Per kjende eit stikk av dårleg samvittighet sidan han laup som ein galning frå åstedet medan dei tre bukkane måtta teke opp kampi, men slog det raskt i frå seg. Så var no berre livet. Nokre gongar flaks, andre gongar uflaks.
Etter nokre som kjendas som lenge og lenger enn lenge, men som i verkelegheita berre var nokre titals minut i passe rask jogg, var han Per frame ved seters der graset var det grønaste grøne og himmelen alltid var blau. Per såg til høgre, han såg til venstre, han såg opp, han såg ned. Men uansett kvar han såg såg han ingen Dagros Fagerlin. Det var ikkje ei ku i nærleiken. Hadde han gamle, langhåra hippie snikkjaren lurt han Per?