24. desember – Luke 24

Per starta brøla «Dagros Fagerlin» så høgt han kunne, og akkurat då han skulje tel å gje opp såg han noko duka opp øve bakkjetoppi. Det var ho Dagros Fagerlin som kom travande med jura svingande tel alle kantar. Per kasta seg om halsa hennar og forklarde plana han hadde klekka ut for å få gjønomført bytet og for å samstundes gje ho Dagros Fagerlin eit godt liv. Ho Dagros Fagerlin rauta nøgd i samtykkje til plano, og dei la i veg tilbakje att mot nabobygdi.

Tilbakje ved brui vart dei møtt av eit sjokkerande syn. Nettrollet var ikkje eit nettroll lengar, men berre eit vanleg norsk troll. Nettet låg istykkerrevet, som eit hjarte i tusan bitar, ved enda av brui. Under den nettete øveflato var trollet eit vanleg troll med vanlege trollkjenslar og vanlege meiningar. Det viste seg at trollet ei gong for lenge sidan hadde vorte forheksa av ei ung, mørkhuda innvandrarkvinne utan hijab. Denne forheksinga hadde gjort det elles så venlege trollet om til eit vederstyggeleg nettroll som plaga alt og alle som stod i hans veg. No når han omsider var kvitt det harde, men mjuke, ugjønomtrengjelege, men gjønomsektege nettet som følge av kampa med bukkane, kunne han endeleg vera eit vanleg troll igjen og dyrke den store lidenskapo si: oktobasspeling.

Det var altså ikke jamming frå trollets djupe, mørke stemme han Per hadde høyrt då han kom tel brui fyste gongi. Trollet hadde faktisk sutje undar brui og spela oktobass. Saman med bukkane stod han no og jamma med den svære oktobassen sin. Den minste bukki breka nydelege bratsjtoner. Den mellomste bukji breka vidunderlege cellotonar. Medan den syste bukki breka utrulege kontrabasstonar. For eit samspel!

Dette gav han Per endå ei glimrande plan. Han la fram plano si og mottok øredøvande einighet som respons. Og straks la dei alle i veg mot nabobygdi.

Då dei kom til nabobygdi hadde det begynt å mørkne, og det var difor få – om nokro – som la merkje til det merkjelege følgjet. Ein spelmann, ei ku, tre bukkar i stiganda størjelse, og eit svært troll berande på ei oktabass. Den einaste som såg følgjet var ein som heit Peer – altså ikkje vår Per Spelmann men ei annå Peer som budde i nabobygdi. Då han senare på kveldo oppspelt fortalde folkj på kroi kva han hadde setjt, blei han ikkje møtt med anna enn latter og utsegn av typen «Peer du lyv!», noko som gav ein anna av krogjestane, ein ung kar ved namn Henrik, idea til ei fantastisk historie.

Den siste fergo hadde gått for kveldi, og dessutan hadde han Per lova Tjuvradd Tjukken å koma tilbakje til kabinkrusaren, så dei gjekk til det fjernaste fjerne av kaio der dei hadde ankra opp tidlegare på dago. Då dei nærma seg kunne dei høyre låge «Ahahahahahahah Tjuvradd!» og det var tydeleg at Tjuvradden kosa seg. Vel framme ved bauten introduserte Per Tjuvradden for følgje sitt. Han Tjuvradden helste som om eit slikt følgje var det naturlegaste i heile verdo, men lurde litt på kosleis han Per hadde tenkt å fau fire klovdyr og eit megasvært troll inn i kabinkrusaren. Rett nok var det ei stor kabinkrusar, men slike klovdyr teke mykje golvplass og eit troll e før tungt tel å stå oppreist i bauta, så trollet må leggje seg ned for å fordela vikta utove. Og dau de da ikkje plass til så mykje i bauta. Dette hadde ikkje Per tenkt på, men han la plutseleg merkje til ei lekter som låg like ved, den hadde ikkje lagt der tidlegare i dag. «Kan me ikkje låne den lektaren dau?» spurde Per og peka. «Hmmm. Den den lektaren he eg allereie låna» svara Tjuvradden. «Og den e full.». «Full? Av kva då?» spurde Per, gjekk bort til lektaren og dro av presenninga. Det visa seg at Tjuvradden hadde nytja tia si i nabobygdi svært gøtt, og lessa opp alt han hadde kunnet legja henda sine pau pau lektaren. Litt låning av diverse var noko han Per kunne vare med pau, men itj dette. Dette var regelrett tjuveri.

Tjuvradden forsikra Per om at alle tjuveria var gjønomførte på humant og økologisk vis, med den styste omtankje før alle involverte partar, og viste også til den samfunnsøkonomiske gevinsta bygdi ville få av gratis importerte varar frå nabobygdi. I eit svakt augneblinkj kunne han Per kanskje ha lete Tjuvradden få vilja si, men no trengde Per lektaren så han ga seg ikkje men starta i staden på Tjuvradd-songi av full hals. Bukkane og trollet stemja raskt i og dei gjorde ei mekteg framføring av Tjuvradd-songi. Per var litt bekymra for at noko skulle høyre dei, og var megaletta då dei var ferdige utan at nokon hadde nærma seg. Lite visste vel Per, at ein ung australiarskotte på ferie låg å sov i eit gamalt skur i nærleiken. Australiaren vakna ikkje, men songo festo seg på hjerna hass, og nokre år senare laga han sin eigen versjon som blei verdskjent.

Dei lasta tjuvgodset av lektaren slik at det blei plass til kua, bukkane og trollet før kabinkrusaren tøffa øve vatnet med lektaren pau slep gjønom nattemørkret. Vel øve på andre sio viste Per trollet og bukkane til stovo si, før han sjølve og ho Dagros Fagerlin gjekk til hestemakjarslottet og hamra pau døri. Dautraut og illraudrasande opna hestemakjaren døri med eit smell og skjelte dei ut. Kordan kunne dei komma her midt på natta og vekja han, dessutan var han ikkje lystan på å gjere bytehandelen likjevel. Kva skulle vel han, ein hestemakjar, med ei ku? Det var rett og slett ei håplaust meningslaus byteavtale. Per kjende eit stikk av frykt då han høyrte dette. Kanskje han måtte slege ned hestemakjaren, stjele fela og leve eit liv på raumen likjevel? Det var no tid for Per å trekja fram planen han hadde forelagt for ho Dagros Fagerlin på seters. Per fortalde hestemakjaren at han visste nøyakteg kva ein hestemakjar skulle med ei ku – han skulle verta mjølkjemakjar og ostemakjar også. Hestemakjaren svara «Ka seie du, ka sa du, ka meine du med da du?» og Per utdjupa. Verdas fyste kombinerte hestemakjar, mjølkjemakjar og ostemakjar i ein og same person. Dessutan ville det gjere han hestemakjar H Brand til ei av Noregs styste gründare nokon sinne. Ikkje berre ville han verte storgündar innen etterskotsbyte, men med gründerverksomhet innan både mjølkj og osti ville han hestemakjaren kunne danne eit imperium.

Hestemakjaren var ikkje vanskjeleg å øvetala og byttet vart gjønomført til ho Dagros Fagerlins nøgde rauting av «MØØLABLØØD!»

Han Per hadde byta bort kua og fått fela igjen. Lykkjeleg som aldreg før i livet dansa han tilbakje att til stovo si medan han spela så høgt at han vekkja halve bygdi. Tilbakje ved stovi hass Per var bandet komplett. Trollet på oktabass, den styste av bukkane pau kontrabass, den mellomsta av bukkane på cello, den minste av bukkane pau bratsj, og Per på fela. Bandnavnet vart sjølvsagt «Per, dei tre bukkane Bruse, og trollet som ikkje lengar e eit nettroll.» Allereie frå fyste stund laga gigantkvintetten ei monsterhit. Dei turnerte Noreg pau kryss og tvers, både bygdi og byar. Både Kongi og statsministero e visstnok blant deira styste fans, og til og med ho kulturministerdamo let seg omvendje til slutt, sjølv om ho ikkje vil innraume det.

Øvealt i det langstrakte noregske land klingja dei ettar kvart velkjende tonane til strykarkvintetten.

Per Spelmann han hadde ei einaste ku

Per Spelmann han hadde ei einaste ku

Han bytte bort kua, fekk fela igjen

Han bytte bort kua, fekk fela igjen

Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

 

Per Spelmann han spela, og fela ho lét

Per Spelmann han spela, og fela ho lét

Så gutane dansa og jentene gret

Så gutane dansa og jentene gret

Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

 

Per Spelmann han spela, og fela var god

Per Spelmann han spela, og fela var god

Så gutane dansa og jentene lo

Så gutane dansa og jentene lo

Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

 

Og om eg vert gammal som stein under bru,

Og om eg vert gammal som stein under bru,

Nei, aldri eg byter bort fela for ku

Nei, aldri eg byter bort fela for ku

Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

 

Og om eg vert gammal som mose på tre,

Og om eg vert gammal som mose på tre,

Så aldri eg byter bort fela for fé

Så aldri eg byter bort fela for fé

Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

 

Og om eg vert gammal som skorpe på graut

Og om eg vert gammal som skorpe på graut

Så aldri eg byter bort fela for naut

Så aldri eg byter bort fela for naut

Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

 

Per Spelmann han hadde ei einaste ku

Per Spelmann han hadde ei einaste ku

Han bytte bort kua, fekk fela igjen

Han bytte bort kua, fekk fela igjen

Du gamle gode fiolin, du fiolin, du fela mi!

 

Og for alt eg veit så spelar dei framleis.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar