1. desember – Luke 1

Tjuvradd Tjukken lener seg endå lenger bakøve i stola, tippar stola øve på bakbena, lener hovude mot vegga og nyter utsikta øve verdas flottaste bygd. Sola er i ferd med å stiga øve fjella og gradvis bade bygdi i den skjønaste solvarmi. Frå huset sitt øvst i dalsido, omgjeve av det grønaste grass, har han Tjuvradden øvesikt øve heile bygdi, der han no sitjer og viftar med tærne i solo. Jau, no tenkje du sekart at han Tjuvradden vifte med tærne i solstråla frå solo, og jau det stemme, men da e ei døbbjelbetydning ute å gingje her, for han Tjuvradden he ogsau dypt tærne sine i den gule veska kald solo. Solo gjer nemleg underverk før slitne føte, med sin boblande lækjarkraft og herlege aroma. Og som en bonus gjer det drykkjen endå betre å drikja – ja eit skikkeleg kvardagsmirakel oppstår når føta hass Tjuvradden møte den gule drikkjy. Kva e det for noko tull Tjuvraddan he funni pau no tenkje du sekart, men nei då, dette har ikkje han Tjuvradden funni på sjølv, dette e eitt triks han lærde frå ei ung, mørkhåra turist frå Vengerberg som far gjønom bygdi for ei tid sedan. Men nok om det. Tjuvraden kikkar nedover den gresskledde dalsido mot skikkelsen som bevege seg langt der nede, så uendelig tregt. Tjuvradden lurar litt på om han skal køme skikkelsen i møte, men det gidd han ikkje, så tida går og soli står høgt på himmelen når skikkelsen endelig er framme ved stovi hass.

«God dag» seier skikkelsen. «God dag» svarar Tjuvradd, før han fortsete «Du kunne ikkje teke på deg nokre skor som er betre egna til å bevege seg i, i staden for dei klovneskorne der?» Skikkelsen kikkar ned på skorne sine, og svarar «Det å vera klovn e ikkje eit yrkje, det e ein livsstil – net so din livsstil e å vera tjuvradd.» Tjuvradden nikkjar, han vet jo at Kloven Kjell ikkje hadde vore Klovnen Kjell utan skorne, men det går berre så tregt når man må gå i så store sko. Tjuvradden bestemmer seg for å lete skorne ligja og seiar opprømt «Eg har ein plan!»

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar