Tjuvradden tok med Kjell til baksida av stova si, og synet som openbarte seg ga sjølvaste Klovnen Kjell det absolutte hakkeslepp. Jau, no trur du kanskje det var en skrivefeil, at det skulle ha vore hakeslepp, men Kjell blei så overraska at han slepte hakka si, så det var faktisk eit hakkeslepp. Og årsakji til hakkesleppet var den flottaste lastebilo han Kjell nokon gong hadde sett. Tjuvradden lot Kjell beundra lastebilo, mens han la ut om kor fortreffelig bila var. Det var ein topp moderne hydrogenlastebil, og motoren kom frå selvaste Unaiten. Tjuvradden hadde vori på ferie for eit par år sidan og tilfeldigvis komme over ein særs flott lastebil. Lastebilen var for stor til å få med seg hjem til Noreg, men motoren var akkurat passe til transportflyet Tjuvradden skulle heim med, så han hadde rett og slett teke med seg motoren, noko som visst hadde ført til svære problem for eigaren, eit amerikansk motorfirma som såg seg nøydt til å trilla lastebilo ned ei bakke for å få laga reklamefilma si slik dei hadde planlagd. Vel heime hadde Tjuvradden kjøpt en haug med lastebildelar frå The Dark Web. Og då Kjell gratulerte ham med å ha blitt så digitalisert takka Tjuvradden høffelig, samstundes som han ikke skjønte kva som kunne vere så digitalt med å kjøpe lastebildelar frå folk på den nye kroa hass Ederkopp Johnny. Sakte, men sikkert hadde Tjuvradden bygd opp lastebilo. Og no var den klar for sitt første kupp. Tjuvradden og Kjell hoppa om bord, ferda var i gong!
Og kva e vel bere å gjere når man køyrer bil enn å snakka? Eg forutsetjar no at du ikkje e den verdskjende politikaren Slikk Willie eller den kvinnelege politikaren MMN frå Paradise, då veit eg at du vil svare noko heilt anna, men gitt at du ikkje e ei av dei to, e svaret ingenting. Så snart bilo er i gong fortsetjar derfor Tjuvradden. «Gjønom alle hestehandlene hadde Ordføreren særs gode kontakter i hovedstaden, så eg nytta møjligheita, krevde inn tjenesta han skyldte meg, og vipps var presset på Tangen vorte så stort at han måtte selge alle aksjene sine og setje dei i banken. Tangen e jo styrtrik, og så store beløp lager problemer. Tangens sjef, Øystein Olsen ledar av Noregs Bank, ringte derfor sin kollega Andrew John Bailey, toppsjef i Bank of England. Baily ville gladeleg hjelpa, så alle pengene frå Tangens aksjesalg blei lagra i Bank of Englands underjordiske kvelv. Alt fryd og gammen så langt. Men det ingen veit, e at Boris har store skatteplanar for å reddja britisk økonomi når Brexit omsider gjennomføres og Storbritannia trer ut av tollunionen og fellesmarkedet med EU 31.12.20. Boris planlegjer å innføyre negativ skatt. På denne måta vil han lokke bedrifter til å flytte over kanalen fra EU, og flere arbeidsplassar og økonomisk vekst av uante proporsjoner vil genereres. Den negative skatten betyr også at alle bedrifter som gingje med underskot, vil måtte betale skatt til staten. Dermed får han også slutt på alle de snuskete bedrifta som bevisst går med underskot for å få skattefradrag frå staten. Og Britannia vil igjen rule the world. Heilt genialt! Men, skjønner du kva dette betyr?» Klovnen Kjell ser håpløst på Tjuvradden og tenkjar «Ingen i hele verda skjønner kva dette betyr. Sjølv ikkje om nokon skulle lese om dette i etterkant, og dermed ha møjligheita til å ta det heile frå begynnelsen og lese Tjuvraddens redegjørelse igjen og igjen, vil skjønne kva dette betyr. Men om nokon skulle lese dette, vil eg oppfordre alle te å prøyve. Om nokon klarer å skjønne nøyaktig kva det betyr skal eg gi dem ein gratis klovneoppvisning på ein valgfri dag. Mot kost, losji og reise sjølvsagt.» Kjell ristar på hovudet så Tjuvradden fortsett opprømt. «Det betyr … det betyr … at Storbritannia blir eit skatteparadis! Og Oljefondets toppsjef kan ikkje ha alle milliardane sine i ei bank i eit skatteparadis. Da ville det blitt bråk, ja eit realt ståk. Og det vil Tangen og Olsen for all del unngå, så dei starta ei storstilt operasjon.»