7. desember – Luke 7

«Sjå der!» ropte plutseleg Klovnen Kjell. Dei hadde køyrd langt og lenger enn langt, men med så mykje flott natur å sjå på kjentas det som om dei nyss hadde starta, noko som for så vidt stemde, sidan den omreisandes komakaren Deinyss kjøyrde like foran dei etter nettopp å ha starta frå ei rasteplass hundre metar tidlegare. Imidlertid var det ikkje da Kjell hadde oppdaga, han hadde oppdaga noko heilt annsleis, nemleg ei stor, fin og bred bilveg like framfor dei. For fyste gong siden dei hadde køyrd frå bygdi såg dei no kva dei norske oljekronane gjekk til, nemleg effektive vegar som binde vårt langstrakte og krokete land saman og syte for tettare samhandling og forhøga økonomisk vekst. Tjuvradden pusta letta ut – å ha fin ny lastebil e eit sorgens kapittel når man konstant e redd for å bli heilt oppskrapa av møtande bilar. 89 meter seinare var det dessverre slutt på gleda og tilbakje til dei vanlege småvegane. Og sånn fortsatte no dagen. 227 meter ny veg her, 24 meter ny veg der, fulgt av henholdsvis 2, 8, 20, 28, 50, 82, og 126 meter med ny veg. Det e som om det rundt omkring i Noreg ligger strødd ei haug med magiske vegmetre, som berre ventar på å bli oppdaga. Noko som gjorde opplevinga enda rarere, var at han Kristen Skjeldal gjekk og plukka boss ved alle dei store, fine vegpartia. At han Kristen plukkar boss øvealt e sjølvsagt glimrande, då kjeme stålkondisen hans fortsatt til nytte for det norske folk, men kosleis han kjeme seg frå det eine vegstrekket til det neste raskare enn lastebilo var lenge eit mysterium, ja eit sant under over alle undre, heilt til Kjell studerte kartet dei hadde kjøpt frå han Edderkopp Johnny og kom frem til at vegane svingar så mykje at om han Kristen teke strake vegen rett øve fjord og fjell vil det ikkje vera noko problem å komma fram raskare enn dei gjer på vegen. «Sjå der!» ropte plutseleg Kloven Kjell. No tenkar du sikkert at det var endå eit nytt parti med stor, fin og bred bilveg, men hadde det berre vore så vel

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar