10. desember – Luke 10

«Sjå der!» ropte plutseleg Klovnen Kjell. «Ikkje sei at da e enda fleire nye vegparti.» «Nei, da e han Kristen Skjeldal igjen, og han vinkar te oss!» Tjuvradden ser i retninga Kjell peika, og så sanneleg, der står han Kristen og vinkar. «Sjå, Secret Service står ved sida av han!» «Det heitar ikkje Secret Service i Noreg.» «Kva heitar det då?» «Eh … Secret Service e bra.» «Han vil vi skal stoppje.» «Me stoppar ikkje ved sidan av ei Secret Service agent.» «Trur du dei veit kva vi skal?» «Umogleg, eg har ikkje fortald dette til nokon. Bortsett frå deg …» Tjuvradden sendar Kloven Kjell eit blikk som gjer han enda kvitare i andletet enn han vanlegvis er og han får pepet ut eit «Nei, sjølvsagt har ikkje eg sagt noko.» «Me kjøyrar!» Tjuvradden trykkar gasspedalen i botn og hydrogenlastebilo responderar raskt, men så gingje han Kristen ut i vego og veivar meir med armona. Tjuvradden vurderar å køyre over i motsatt kjøyrefelt, men der kjeme eit helautomatisert vogntog som sjølve legge skinnane foran vogntoget og plukkar dei opp når vogntoget har køyrd øve, ein skikkeleg god mikrosirkulærøkonomi der altså. Så Tjuvradden har ikkje noko anna val enn å trykje hardt på bremsepedalo og svinge inn på rasteplassen han Kristen dirigere ham inn på.

Det visar seg at Kristen, på sin daglege ryddetur kom over ei Statsminister i krise. Ein vikar trudde Statsministeren ikkje ville fly privat med nokon flyselskap, og ikkje berre nekta å reise med ungararane, og hadde dirfor ikkje booka flybilet frå Bergen til Oslo. Då alle dei få flya som går i disse tidar var fulle, og toget på freudiansk vis satt fast i Ulrikstunnelen, hadde ikkje statsministeren anna val enn å køyre for å rekke det viktige morgonmøtet neste dag. Og som om det ikkje kunne bli verre hadde dei altså fått motorstopp like utanfor Gokk-sentrum. Då Gokks einaste mekanikar var ein ihuga Rødt-tilhengjar nekta han å reparere bilen, og Statsministeren blei stående fast til han Kristen kom forbi. No hadde Kristen fått den ljosande ideen at både Statsministerbilo og føljebilo med Secret Service agentana kunne plasseras i lastebilo. Statsministeren var visst ikkje nøgd med forslaget, men etter at ho tapte i pokar i lysteg lag forrige somar var det no Kulturministaren som hadde høgast rang etter Statsministaren, og ho ville for all del ikkje at han skulle snakke om Koronasituasjonen på vegne av regjeringa, då ville all truverdighet bli blåst bort. Så det enda med at både statsministerbilo og secret service bilo kjøyrde inn i den tomme hydrogenlastebilo, medan ein av secret service agentana satt seg på setet ved sidan av Tjuvradden, og Kjell måtte krype opp i den sammenleggbare senga som var bak i førarkabina. «Eg fekk ikkje med meg navnet ditt?» spurde med ett Secret Service agento. Då Tjuvradden nølte eit sekund begynte Kjell med «Han heitar Tj» men blei raskt avbrutt. «Ja, Tj, heitar eg. Det er tsjekkisk. Men let oss snakke om noko meir interesant. Kossen e det eigentleig å vere Secret Service agent?» «Det heitar ikkje Secret service i Noreg.» «Nei vel. Kva heitar det då?» «… Hm. Secret Service er bra.» «Nettopp. SS og Jarnkanslaren.» «Ikkje SS, og ikkje Jarnkanslaren, sei hellar Jernerna. Men ingen brukar det namnet no.» «Nettopp» svarde Tjuvradden mens han lurte på kos han skulle klare seg resten av tura til Oslo utan å bli avsløyrd og arrestert.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar