Klovnen Kjell helde på å stappe meir av den delikate lunsjen i spiseholet sitt, då det plutseleg rungar «Kvikke kvinner kommer! Kvikke kvinner kommer!» øve heile lokalet. «Kva e da? Eg ser ingen kvinner» spør Benny medan han ser forundra frem og tilbakje i restauranten.» «Brannalarmo» svarar Tjuvradden. «Brannalarmo!» ropar Kjell forskrekka. «Brannalarmo?» seiar Benny endå meir undrandre. «Brannalarmo» svarar Tjuvradden roleg og fortsetjar «Eg tukla med ho då eg var på toalettet i stad. No får me nøyakteg det møgligheitsrommet me treng.» «Tukla du med ei kvinne på toalettet og no ropar ho ‘Kvikke kvinner kommer’ fordi ho har jobb som manuell brannalarm?» spør Kjell. «Nei» Tjuvradden sukkar oppgitt og fortsetjar. «Det einaste Norske Selskab er meir redde for enn gamle flammar, som kjem med uekte ungar produsert med etterlatenskap frå brukte kondomar og kunsteg inseminering, er kvikke kvinner som kommer inni lokala deira. Her tilletes ingen bare leggar, med mindre man har skotske anar då, og ingen høghelte skor, med mindre man er Tom Cruise då, og ingen brystar, med mindre man enten er veldig feit eller veldeg god trent då, og ikkje longt hår, med mindre man er ein verdskjent rockar då. Ingen av medlemmo her likar når kvinnar kommer, dei vil berre at dei sjølve skal komme, bortsett frå personalet då, ingen regel er verkeleg god om den ikkje har unntak, og kvinnelege servitører og kokkar får lov til å komme så mykje dei vil, så lenge dei tilfredsstillar medlemmane ved hjelp av godt håndarbeid og rett bruk av redskapar, i tillegg til at dei sjølvsagt visar frem godsakane på ei tiltrekkjande måte. Så ja, ‘Kvikke kvinner kommer’ er noko som set betydelig meir fart i medlemmane enn ei traus ‘Riing riing’ eller ‘Uuul uul’, du ser jo kor hurtigt og lett dei bevege seg i retning døro.» Benny ser på følkja, og greit nok, dei bevege seg, men lett og hurtig e ikkje akkurat dei orda han ville vald, samstundes må han humre litt av det faktum at Tjuvradden åpenbart ikkje ser dobbelheita i kva han nettopp har snakka om – ‘kvikke kvinner kommer’ er jo ei klar referanse til ei norsk IS-kvinne, noko eitkvart googlesøkj vil avsløyre. «Så da var det ikkje ei kvinne du tukla med på toalettet, men ein heilt vanleg brannalarm?» spør Kjell. «Ja, kva e det som e så vanskjeleg å forstå?» svarar Tjuvradden irritert. «Du sa ‘Eg tukla med ho’,» måten Kjell seier ‘ho’ let som Julenissens uttalelse av ‘Ho ho ho!’, «og brannalarmo e ikkje ei ‘ho’, han e ein han. Og når du ikkje snakkar gramatisk rekteg blir det vanskjeleg å forstå kva du meinar.» Tjuvradden hatar når Kjell korrigerar språket hans, men han må innraume at Kjell har rektig.
«Unnskyld.» Ei kvinnestemme forstyrrar brått samtala ved bordet.