Idet Kjell er halvvegs frame ved sikkerhetssjefo, byrjar sikkerhetssjefo å snu seg og Kjell frysar av redsel – alle veit jo at sikkerhetssjefar e ekspertar på kampsport etter eit longt liv i militæret eller politiet før dei betrar pensjona si med fete sikkerheitsjobbar i det private, nett som alle politikarane gjer i kommunikasjonsbransja. Heldegvis rista sikkerhetssjefa berre på hovudet, han snudde seg ikkje, og Kjell pustar letta ut. Lynraskt teke Kjell dei siste stega mot sikkerhetssjefo og hevar pylsa. Kjell ser brått sikkerhetssjefos andlete i spegelbildet i vindauget, og ser at sikkerhetssjefo også ser ham. Sikkerhetssjefo byrjar å bråsnu og igangsetje dødelege armbevegelsar, men da e for sent. Kjells store, halvharde pylse treffar sikkerhetssjefo midt i planeto, og sikkerhetssjefo ramlar overenda på det mjuke teppet, bevisstlaus. «Det e ei kvinne!» kviskrar Kjell opphissa, «Eg har slege ei kvinne! Kosleis skulle eg kunne vite at Norske Selskab har funne ut at kvinner faktisk kan meir enn håndarbeid og godsakerfremvisning? Nei, og nei kva skal eg gjere? Ho såg ut som ein mann bakfrå, med dei klerne, eg tenkte det håret berre betydde at han, ho meinar eg, var en sær rokkar, og …» «Roleg Kjell. Roleg» kviskrar Benny. «Å slå kvinnar var ikkje bra før i tida, men no med likjestilling e da heilt ok. Faktisk vil det vere diskriminerande å ikkje slå ei person berre fordi ho e kvinne. Du gjorde heilt rett Kjell. I dag betyr ikkje kjønn noko som helst, alle e likje, alle skal vere likje grå og kjedelege. Bortsett frå i fellesgarderobar då, då e kjønn viktig, og når foreldre velgar namn til borna sine, og for dei fleste når man veljar kva slags klede man skal gå me, og når, ja det spellar inga rolle. Ho valde det sjølv Kjell, alle veit at når dei teke ei jobb som sikkerhetssjef e det ei risiko for at nokon slår dei i hovudet med ei pylse.» «Nok mas» seiar Tjuvradden, gjer det vi er her for Benny, hakk sikkerhetssystemet.» Benny går bort til Amundsens hakke, brukt på Sydpolen, tar den ned frå veggo og byrjar å hakke i stykker sikkerhetssjefos PC, medan Kjell legjer sikkerhetssjefo i stabilt sideleie. Som Tjuvradden seiar; «Me e ikkje mordarar, me e tjuvraddar.» «Ho såg meg, har eg øydelagt alt?» spurde Kjell. «Alle veit at klovnar blir forvridde i speglar, og dessuten e det ikkje uvanleg å gløyme kva som skjedde likje før man besvima, så dette går bra» svarar Tjuvradden. «Kva med pylso då, skal eg ta han med?» «Nei berre gje han til hundo som sitjar i kroken der og lograr, flaks for oss at hundo ikkje likar den nye sikkerhetssjefo. For alle som kjem inn her vil det vere openbart kva som har skjedd. Sikkerhetssjefo har snubla i teppet, virra rundt for å helda seg på beina, truffet veggo med hovudet og besvimt, samstundes som kollisjona med vegga løsna hakko som hakka i stykje sikkerheitssystemet. Enkel logikk.» Med sikkerheitssystemet ute av drift la de tre i veg mot dagens andre mål, selve grunna til besøkjet hos Norske Selskab.
16. desember – Luke 16
Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med Adventskalender, Julekalender. Bokmerk permalenken.