18. desember – Luke 18

Tjuvradden satt fota ned på den kalde betongen og såg seg rundt. Dei hadde no forsert eit virvar av nedoverledende trapper og gangar og var omsider nede i sjølvaste tunella, som ikkje må forvekslas med nutella, sjølv om nokre av småsteinane på gulvet faktisk ikkje e småstein, men nutellabitar frå skiva hass Stormesteren. Vegen ned hadde, øverraskande nok, vore opplyst av moderne og strømsparande LED-belysning, men ikkje noko sånt her nede. Her gjeras det på gamlemåten: faklar. Med tanke på kor farleg eit ensamt stearinlys med alle sine sotpartiklar e, må alle faklane som hengje på veggane her vere som reine napalmbomba, håpar berre det ikkje dettar nokre vietnamesiske au pairar ut or skapa. Benny plukka opp ein fakkel og tende den i den svære bålpanna, da Klovnen Kjell med eit utbraut. «Eg fann, eg fann!» «Kva fann du?» spurte Benny. «En elektrisk fakkel med innebygd luftblåsingssystem for automatisk kunstig visualisering av flammer gjennom utblåsninger som beveger den tynne hinnen av resirkulert økologisk plast som omgir en lyspære laget for å vare vare vare til Dovre faller. Puuuh.» Kjell pustar ut etter den lange setninga, som attpåtil var på baukmaul, og tennar fakkelen. «Nok prat, kom igjen» seiar Tjuvradden og dei leggar i veg gjennom den mørkje tunella.

Etter langt om lenge og lenger enn langt, og heldigvis utan at Kjell fant verken det ene eller det andre, noko som hadde dratt ut historia helt unødvendig, akkurat som denne innskutte leddsetninga, kom dei omsider til Døra i enda av tunella. Ei svær koloss av mangfoldige grafénlag, laga av Franz Jäger fra Danmark 2014, ugjønnomtrengjeleg for all slags hakking og rambukkforsøk. Til og med filmskuespelarar, som brytar ned einkvar dør med eit velretta spark eller ei kald skuldar, kjeme til kort mot ei slik dør. Og med advarselen «Denne døren er låst med passord på 125 tegn, en kode som er umulig å knekke. Gi opp og dra hjem om du ikke er blant kodens innvidde.» «Kva skal me gjera?» spurde Benny. Tjuvradden tok av seg bowlerhatta han hadde fått av stumtjenaren før dei gekk ned trappana – det er ingen som skal kunne seie at Selskabet ikkje e ope for personar med handikapp – og Benny og Kjell senkar hovudane i andakt. Han Tjuvradden stirrar ned i hatta og byrjar å skru på kodelåsa. Tjuvradden har aldri vore spesielt digital, trass i det enorme potensialet for tjuvraddaktivitet i den digitale verden, har tjuvradden aldri begitt seg ut på det, det kjennas rett og slett fel. Kor e spenninga, og kor e produkta man kan ta og føle på. Ikkje at Tjuvradden ikkje har prøvd, for det har han. Mong ein gong har han sitje foran PCen med webkameraet tildekkja så ingen kan sjå han medan han leggar vare, etter vare i handlekorga som ettar kvart bugnar av all slags herlege produkt, før Tjuvradden til slutt forlet butikkjo utan å betale. Problemet er berre at varane blir jo verande igjen i ei bortgjøymd krok i nettbutikka. Neste gong Tjuvradden besøkjar butikka ligg jo varane fortsatt i handlekorga, men det hjelpe liksom inga. Dette visar jo ei anna utfordring med nettbutikjane, dei har nestan inga ansatte, noko som e dårleg for både befolkninga, økonomisk vekst og skatteinngonga. Hadde ei kunde satt igjen ei gigantisk og overlessa handlekorg i ei kva for slags butikk, hadde jo dei ansatte oppdaga korga rett så snart. Men i nettbutikkjane … Det går dagar, i norke fall både vekar og månedar, før nokre ansatte snublar over handlekorga og får satt varane tilbakje på plass. Månedar! Herregud! Tjuvradden kan mykje om butikksikkerheit, og eit av dei beste råda, e å ha så monge ansatte at dei he øvesikt øve kva som skjer i butikka, noko nettbutikka altså ikkje har. Men sjølv om Tjuvradden ikkje e heildigital, så e han ein menneskjekjennar. Kor monge gongar har han ikkje vore på The Dark Web, og skaffa seg verdefull informasjon. Som bowlerhatta til Stormestaren som den stumme tjenaren alltid har ansvaret for kvar gong Stormestaren e på bygjet. Ulempa med passord på 125 tegn e jo at inga huske dei, så dei skrive det ned og gjømar dei eit trygt sted, som i hatta si. Og når den stumme tjenaren i tillegg e blind, noko han skjulde for Norske Selskab for å få jobba, ei stum tjenar e glimrande, for då kan han ikkje fortelje om alle hemmeligheita han høre, så lenge han ikkje kjeme nær penn, mobil, nettbrett, PC ellar andre skriveredskaper sjølvsagt, men ein stum tjenar som i tillegg e blind e farleg, for då kan han finne på å gje bowlerhattar med passord til feil person. Sjøvsagt burde Norske Selskab har oppdaga at den stumme tjenaren faktisk var ein blind stumtjenar, men dei e blind for det meste unntatt seg sjølve. Og når dei, som alle andre, i tillegg blir snakkjesalege når dei får for mykje å drikkja, e det berre for han Tjuvradd Tjukken å plukke opp alt på The Dark Web. Gu kor mykje enklare det blei å vere Tjuvradd ettar at han Edderkopp Johnny åpna pub. Og med den tanka, skrudde Tjuvradden inn det siste tegnet, døras lås klikka fri, og døra glei opp. Sjølvaste krypta openbarte seg! «Kva gjer du her?» ropte det plutseleg fra krypta. Tjuvradden vende seg etter lyda og blei halvt sjokkskada.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar