«Hestemakjar!» «Tjuvradd!» «Kva gjer du her?» «Kva gjer du her? Og kvifor har du med deg Klovnen Kjell og … og ein framandkar?» Tjuvradden stirrar månebedotten på Hestemakjar Brand som stirrar likje månebedotten tilbakje. Det e Hestemakjaren som fyst finn tilbakje til munn og mæle. «Eg driv gründarvirksomhet. Særs bærekraftig og grøn gründarvirksomhet. Eg har alltid hatt grøne fingre som du veit, berre sjå.» Hestemakjaren rekkar frem henda sine, som rett no e knallgrøne på grunn av Hestemakjarens hanskar. Omsidar klarar Tjuvradden også å samle seg, det e jo eigentleg ikkje øverraskande å trefja Hestemakjar Brand her, han har jo alltid vore opptatt av å visa seg frem og å, på sitt eige rare vis, vise at han e særs moderne og kjenne te det nyaste nye av alle trendar. Og kva e vel meir på mota enn bærekraftighet nett no. «Eh. Bra, bra» svarar Tjuvradden og spør «E da nokon andre her?» «Nei, da e berre meg i dag, dei andre måtte gå og gjera noko julegreiar. Ikkje at eg ikkje har julegreiar å gjera også, men heime hos meg har eg starta ei sånn ei sirkulærøkonomi. Eg har hyra inn ei haug med arbeidskraft, lage arbeidsplassar i distrikta veit du, og plassert dei på ulikje arbeidsplasser i huset. Og ettar ei time bytar det plass. I tillegg har ei av dei fått ei haug med grøne knitrande femtilappar som må gis vidare til ei anna hver gang dei byte arbeidsplass. Storarta!» «Absolutt storarta!!» svarar Klovnen Kjell, som for lenge sida lærde at den beste måta å handtera han Hesjemakjaren, som han Kjell rett som da e kallar Hestemakjaren, pau e å spela med. «Ikkje sant» seier Benny. «Storarta!» mumlar Tjuvradden, som tenkjar at det eigentleg var eit lykjetreff at han Hestamakjar Brand va her. Inga klarar å vere i Hestemakjarens nærvær øve ei lengre periode, så viss Hestemakjaren med sitt nærvær har fått fjerna alle dei andre e da berre lekkert.
No når øverraskinga av å møtje på Hestemakjaren har lagt seg, kan dei omsidar sjå seg rundt. Dei står i ei svær underjordisk travhall kalt Churchill Ascot, med naturlig soljus spegla ned gjønom utallege spegel frå øveflato. I midta e da ei fantastisk park, langs den eine langsida e da ei svære tribune, og på andre sida e stallane, som nok e eit par klassar øve stalla hass herbergeegaren. Tenke seg tel at noko slikt noko finnes her, midt i hovudstaden, ukjend og utilgjengeleg før alle, unntekje folkja i Norske Selskab. Men slik gjekk det, når professorar, statsrådar, majorar, generalkonsular og all slags herleghetar gjekk saman før øve 200 år sedan. Ting blei gjort. Og det inga veit, e at den underjordiske halla e den viktegaste grunna til at kvinnar ikkje e tillete i Norske Selskab, kvinnar kan jo ikkje helde på heimelegheitar, i alle fall ikkje ifølje medlemma i Norske Selskab.
«Kunne vi lånt nokre av hestane ei lita stund?» spør Tjuvradden. «Sjølvsagt, dei trengj å bevega seg» svarar Hestemakjaren, og dei legg i veg til stallo. Snart e dei på veg alle tre. Tjuvradden sitjande i ei vogn bak han Jonas og han Audun. Benny på toppen av Siv. Og Klovnen Kjell jukkende, i etymologisk forstand sjølvsagt, på ho Trine Guri so fekk seg nytt mellomnamn ettar leiarskiftet i Venstre. Ikkje lenge senare var dei frame ved neste hinder på vego.