22. desember – Luke 22

Tjuvradden fekk han Jonas og han Audun til å stoppe. Dei var frame ved nok ei dør. Døra til sjølvaste Noregs Bank. Klovnen Kjell glei totalt utsleten ned frå rygga hass Trine Guri, medan Benny kom seg av ho Siv i alle fall hakket meir elegant. «E da ein ny kodelås?» pusta Kjell. «Nei, ikkje denne gonga.» svarar Tjuvradden og fortset «Vil du prøyva Benny?» Benny nærma seg døri med ærefrykt, tok av hatta og bukka til døri, før han la handa på dørhandtaket, trykka ned og dro i døro. Låst. Tjuvradden humra godt, sa «Let meg prøyva» og røska virkelig god i døri utan at den så mykje som rikkja seg. Tjuvradden fekk no bruk for dei fantastiske skodespelarferdigheita sine, og tok til å dra og rykkje i døyri som om det stod om livet, før han til slutt sank oppgitt ned på bakkjo. «Kva skal me gjera?» spurde Kjell fortvila. Tjuvradden låg heilt utslegen på bakkjo, tilsynelatjande på rando av den styste avgrunda, og svarde «Kanskje du skulle prøyva Kjell?» «Eg?» «Ja, du. Du e den einaste som ikkje he prøyvd.» «Men du e mykje starkare enn meg, kosleis skal eg kunnja klare da, om ikkje du klarar da?» «Da får me ikkje veite før du har prøyvd» svarar Tjuvradden og brytar ut i stor allsang. «Dette klarar du, dette klarar du, prøyv no min ven, prøyv no min ven! Du kan om du vil!» Tjuvradden skulle gjerne ha fortsatt på sango, men faktum e at desse få orda e alt han huskjar frå den fyste songo dei song på barneskula hass Tjuvradden, og trass i utallege besøk på The Dark Web har han fortsatt ikkje funno nokon andre som kan meir av songteksto, han Ederkopp Johnny og ho Araña Gwen var til og med så frekje at dei påstod han Tjuvradden var Mandelapåverka, makan. Så han Tjuvradden syngje berre desse linjane om og om igjen, medan han Benny byrjar på ei koring som høyras ut som «Money money money, aha aha». Klovnen Kjell stavrar seg på beino. Frå ein fjern avkrok i hovudet sitt høyrar Kjell plutseleg lyda av dundrande eldvognar, og han kjennar sjølvtillita byrjar å veksa medan han sakte tar steg for steg mot døro. Lyda av eldvogna blir sterkare og sterkare og Kjell kjennar seg verkelig oppildna idet han leggjar handa på dørhandtaket akkompagnera av ei kakofoni av eldvognar, ‘Dette klarar du’ og ‘Money money money’. Dørhandtaket går ned og Kjell drege i døra akkurat i da kakofonia når sitt store crescendo. Ingenting skjer. Absolut ingenting. Døra sit bomfast uansett kor mykje Klovnen Kjell drege i ho. Tjuvraddens og Bennys syngjing stoppar brått når dei skjønnar at Kjell ikkje får opna døro. Tjuvradden skjønar ingenting, han hadde bombesekar og påliteleg informasjon på at døro var umogleg å opne uansett kva man prøyvar seg på, med eit einsamt unntak. På The Dark Web hadde han nemleg sekar informasjon frå ei truverdeg kjelde på at absolut ingen kunne opne den døro – bortsett frå klovnar. Derfor hadde han Tjuvradd Tjukken kost seg med sitt storslagne skodespel, heilt sekar på at han Klovnen Kjell ville lukkas. Men no … Informasjona frå puba hass Edderkopp Johnny e alltid påliteleg, det vil seia, nøyakteg, fullstendig, rett periodisert og klassifisert, rett verdsatt og med korrekte noter med lita skrift. Tjuvradden skjønar det må vere noko han har misforstått, men kva?

Merkjeleg nok har lyda utåv eldvognane fortsetja ettar at Kjell mislyktas. Kva e på ferda? Dei snur seg alle tre i retning ljuda, og ser ei eldvagn i det fjerne. Minuttar senare e eldvagna frame. Fråda rennar frå munna hass Kjell Ingolf, og heile kroppa glinsar av svette medan svettelukta breir seg, og … ei skarp lyd fyller området, og plutseleg luktar det drit også. Han Kjell Ingolf e verkjeleg noko for seg sjølv. Hestemakjaren stige ned frå eldvogna, blid som alltid og lurar på kva dei helde på med. Ingen svarar, før han Benny seier «Me prøver å opna den døro.» «Utan sukksess ser eg, la meg prøyve, eg e trass alt ei velykka gründer, og noko av det fyste man lærar som gründer e at inga hinder skal stoppja deg.» Hestemakjaren går mot døra, medan lyda av eldvognar byrjar igjen. Han Kjell Ingolf har nemleg observert ei barnefamiliestatue i nærleiken, og tatt til å trava i beskyttande sirkel rundt den, med eldvogna trekkjanda bak seg. Hestamakjaren leggje handi på døyrhandtaket, trykker ned, og svingar døra innøve.

Openbaringa gjer at eit ljos går opp for Tjuvradden, for så vidt noko han visste frå før, men likjevel. Det e ikkje da ytre som tel, det e da indre.

Dette innlegget ble publisert i Jul og merket med , . Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar