«Tjuvradd!» «Benny!» Både Tjuvradden og Benny stirra like overraska på kvarandre, før dei begge utføyrde kyllingdansa hass Kim for å hilse. I dessa tidar e nemleg dette den prefererte helsemetoda for alle som har sett kyllingdansa hass Kim og som ikkje tilhøyre same ko hort – kva ei kos horing i presens perfektum eller perfektum partisipp, attpåtil pau baukmaul, har for ei betydning i desse tidar, e for øvrig meir enn ein stakkars Tjuvradd kan begripe seg pau. Kosleis nokon, og dau spesielt små born kan knyttas til eit fellesskap samanhelde av kohoring e spesielt uforståeleg, det må vera noko kjøtindustriens lobbyistar har trumfa gjønom på Stortinget. Men men. Tjuvradden kunne godt tenkt seg ein tredje mann på oppdraget, og inviterer derfor Benny med. Benny er først tvilende, han har jo andre forpliktelser, det er snart jul og det ene med det andre. Men med det same han får høyre at planen e som tilrettelagt taimat, hiver han seg på, og Tjuvradden, Benny og Kjell forlet kafeen.
Dagen etter står dei alle tre iført dressjakke og slips og ser opp på ei gamal, ærverdig bygning tilhørende Norske Selskab. Det er her planen byrjar. Å slippe inn er ikkje alle forunt, men han Tjuvradden hadde skaffa seg tilgong via Dark Web før dei forlot heimbygdi. Han Gambling Geir hadde nemleg vonne eit lunsjbesøk i eit durabeleg pokarslag med han Petter oppe i Trøndelag, som igjen hadde vonne det av ein stakkars finansmann. Men kva skulle vel han Gambling Geir med sånn ei fisefin lunsj i storbyen? Så han Tjuvradden fikk lunsjen for ei slikk og ingenting. Tjuvradden får frysningar nedøve ryggji når han tenkar på ettarsmaken slikket ga, og å skaffe ein boks vakumpakket ingenting e hellar ikkje enkelt, men no skal investeringa gje avkastning på nivå med eit gjønomsnittleg eigedomssal til Boligbygg. Dei set seg i bevegelse, og befinnar seg snart i herskapelege omgivelsar.