16. desember – Luke 16

Fergo har haldeplass på utstikkaren heilt i andre enda utav kaia, og Per kunne sjå at fergo låg der nå. Skinnande og nydeleg i desembersola. Han Per la pau sprongj som han aldrei før hadde sprongji, men før han hadde komi halvveigs såg han at porta, eller bauga eller kva det no hetar, begynta å senka seg nedover. «Hei! HEI!» begynte Per å ropa så høgt han kunne, sjølv om han visste at kapteino neppe høyrde han. Og om kapteino mot formodning skulje høyre ropa hass Per, så visste han Per at kapteino aldreg ville stoppje. Han kapteino var nemleg ein sta gamal grinebitar. Ikkje at det er noko gale med stae gamle grinebitarar. Han Per har svinga seg til dansbandet beståande av stae gamle grinebitarar mong ei gong, og det svengjar verkeleg. Dessutan e det ei slik sta, gamal grinebitar haldning som gjer at fergo kun har hatt presise avgongar dei siste fyrti aura. Kanskje burde alle bautar, tog og bussar i Noreg skaffe seg slike sta, gamle grinebitarar tel kaptein.

Per nærma seg og såg ei skikkelse i styrrommet som måtte vara kapteino. Eit lite håp vart tend, kapteino hadde alltid likt han Per og det nærma seg jul, så kanskje han ville gjere eit unntak? Men nei. Da Per var tjuge metar frå fergo lag den frå kai med kjenningsmelodia på full guffe som vanleg. Og aldri hadde kjenningsmelodia til fergo låte meir deprimerande:

Dar fer fergo, gamle fergo

Tak av deg høyrklokka å høyr.

Dar fer fergo, gamle fergo

Dinge-dinge-dinge-dinge-dinge-ding

Publisert i Jul | Merket med , | Legg igjen en kommentar

15. desember – Luke 15

På veg frå gårda hass hestemakjaren lurte han Per på om han itte berre skulle stjele heile fela no med ein gong? Han og fela kunne jo berre stikke av, leve livets glade dager på rømmen i noregske skogar og bygdar, som ein slags Robin Hood med fela. Men han Per e ingen tjuv, så ettar ei kort overveiing gjekk han slukøret frå hestemakjarslottet.

No var gode råd dyre, ellar var dei det? Per kom frem til at det einaste valet han hadde var å finne ho Dagros Fagerlin. Han Per laup derfor til asfaltstaden dar spora hoss Dagros Fagerlin stoppa. Der begynte han å gauka og lokka på kua av full hals medan han bevegde seg i retning bygdi. På veg inn i sentrum av bygdi trefte han ei gamal kjerring, som kunne fortele at ho hadde sett ei ku vandre gjenom bygdi på veg mot vinsjan på kaia. Per takka så gøtt han kunne, og noterde seg bak øyro at han skulle laga ein sang til den gamle kjerringa. Ja faktisk skulle han lage ein sang om hele denne opplevinga, så snart han berre fikk tak i fela igjen. Kvis han fek tek i fela igjen…

Vel framme ved vinsjan såg Per seg håpefullt og desperat rundt, men inga ko var i sikte. Kaia var totalt fri for både dyr og menneskjar. Per tok den imaginære tenkehatta opp fra lomma og putta han på hovudet. Tenkje, tenkje. «Kva hadde eg gjort om eg var ei ku?» sa han halvhøgt til seg sjølv og fortsatte: «Heisa meg sjølv opp i vinsjan? Lite truleg. Tatt meg eit forfriskande bad? Nei – ikkje i denne temperaturen med desember gøtt i gong. Fisking blir litt vanskjeleg utan hende. Men kva gjer eg ved kaia då? Kva finnas ved kaia, bortsett frå dei omtalde vinsjan?» Per såg seg rundt. «Bautar?» Bautar i alle fasongar og sørrelsar var laina opp, langs kaio, ingen vinterlagring på land her i bygdi. «Men kuar kan då ikkje kjøyre bautar, langt mindre koma seg inn i ei utan hjelp. Ei ko trengjar noko relativt flatt for å kome seg på bauten. Som eit påkjøyringsområde for bilar… » Per skjønde med eit kva han hadde gjort ved kaia om han var ei ku – han hadde teki fergo.

Publisert i Jul | Merket med , | Legg igjen en kommentar

14. desember – Luke 14

Per børja hoppa og veiva med armane som ein galning medan han ropte ukontrollert. Han Per såg ut som ein kvakkande, rasande Donald Duck, og må ha vore litt av eit syn der han hoppa rundt i Spelmannkleda sine. Ettar kvart fann han noko som ligna på ro igjen. Den fyste innskytelsa hass Per var å leite etter ho Dagros Fagerlin, men ei anna trang var sterkare. Tranga etter fela. Per kjende på seg at han itj kunne leve stort lenger utan fela og ga seg i veg til hestemakjaren. Han H Brand måtte då kunne gå med på ei bytehandel med etterskotsbyta. Kreditgjeld og forbrukslån e jo i vinda som aldreg før, så kvifor ikkje kreditbytte.

Kort tid senare var Per framme med hestemakjaren sin gard og bankja på døra. H Brand opna døra og hilste overraska, men hyggeleg. Tona var fort ei litt anna da Per fortalde at han ynskja å byte kua mot fela. Hestemakjaren rynka på bryna og la i veg på eit av føredraga sine om at eit byte er eit byte, og bla bla yeti, yeti. H Brand hadde store planer for fela, som var verdt mykje mer enn ei ku. Ei ku han for øvrig ikkje trengde. Då Per fortalde om idea med etterskotsbyta og kva for ei übermoderne vri på kredittrenda det var, såg Per bokstaveleg talt dansefota hass H Brand begynna å rykke. Hestemakjaran tende tydelegvis på idea, så Per foreslog at dei to skulle starta gründarvirksomhet saman. Per såg siklet begynne å renna nedover haka hass hestemakjaren i større elvar enn heile langrenns- og skiskyttarlandslaget i kombinert. Det var reine Niagarafalla. Då Per tilbøy hestemakjaren rolla som Adm. Dir og CEO måtte hestemakjaren kapitulera. Tanka på å starta ei gründerbedrift som garantert ville bli ei legendarisk børsraket av typa Einhjørning, var for freistande for hestemakjaren til at han kunne takka nei. Han hadde nemleg alltid drøymt om Einhjørningar.

Byteavtalen var dermed eit faktum, men H Brand nekta å godta eit etterskotsbyta. Han Per fortalde at ho Dagros Fagerlin berre sov ei lita lur, at han ikkje ville vekka ho, og at dei like gjerne kunne gjera bytet no. Men hestemakjaren sa nei. Da Per såg at hestemakjaren begynte å bli mistenksam – og lure på om han Per ikkje hadde koa lenger – skjønde Per at han måtte gje seg. Dei besegla avtala med eit håndtrykk og Per lova å komma tilbake med kua om ikkje lenge.

Publisert i Jul | Merket med , | Legg igjen en kommentar

13. desember – Luke 13

Ho Dagros Fagerlin var borte! Han Per Spelmann såg til høgre, han såg til venstre, han såg opp han såg ned, men kua var ingen stad å sjå. Fortvila løp han rundt heile stovo, ja han sjekka til og med på begge sida av gjerdet, men fortsatt inga ku. AHHH! Per brøla og kjende tårane pressa pau igjen. Tenkja Per, tenkte Per til seg sjølve. Koa e tung. Graset e mjukt, grusvegen e mjuk. Og dette e ikkje eit dikt. Altsau sete koa spor i både graset og pau vegen. Per gjekk bort til den opne grinda og bøygde seg ned. Og ganske riktig – rett ved sidan av fotavtrykket til den avskyelege snømannen var det ei rekke med klovavtrykk. Kua hadde ganske enkelt berre gått ut grinda, sikkert berre ei lita luftetur. Til og med kjendiskyrne på TV2-Farmen har jo gått ei luftetur utan tillatelse. Ho kjeme sekkart snart tilbake. Per ville uansett ikkje være ein sånn ein sjef som stengar dei ansatte inne i produksjonslokala – berøringa av dei mjølkjeproduserande kroppsdelane e gale nok, om han ikkje skal vorte anklaga for å fengsla sine ansatte også. Det e grensar for kor monge ulovleghetar det kan vera selv i ei lita gründerbedrift på bygdi i Noreg, kanskje spesielt i ei lita gründerbedrift på bygdi i Noreg.

Men kva kvis dette ikkje var ei lita luftetur? Kva kvis ho Dagros Fagerlin itte trivdes og difor hadde stukki av? Kanskje ho til og med hadde høyrt all grininga til han Per. Ved nærare ettartanke var det ganske så sannsynleg at ho hadde høyrt all grininga, kjend seg lite verdsatt og stukki. Per bestemde seg for å følja sporet hoss Dagros Fagerlin og la i veg med blikkjet konsentrert retta mot bakken. Sporet leda mot bygdi. Per sat eit godt tempo og kjende seg med eit mei sjølvsekar – han kom til å finne kua. Men med eit var spori borte. Per forstod ingating og virra med blikkjet i alle retningar, men så såg han det. Han hadde asfalt unde bena. For fyste gang på år og dag banna Per høgt. «Forbanna moderne fremskritt! Berre fordi Luciatoget ginge forbi her, trengje man jo ikkje asfaltera!»

Publisert i Jul | Merket med , | Legg igjen en kommentar

12. desember – Luke 12

Han Per Spelmann sukka oppgitt medan tårane fortsatt strauma og snøret rant. Han senka blikket og såg med eit mellom tårane at han hadde greti eit hol i bordplata. Dette holet vart som eit under for han Per. Rett nok ikkje eit under av bibelske proporsjonar, men eit meget godt kvardagsunder. Per slamra knytneva i bordplato. Han ville ikkje vere ein sånn ein person som gret hol i bordplato. Ikkje at det e noko gale med personar som gret hol i bordplato. Ikkje overraskande har storgrinarane i bygdi eit eget danseband, som han Per har svinga seg te mong ein gong. Per har stor respekt for storgrinarane – dei e følkj som vågar at visa kjensler, noko Per synas e bra.

Men akkurat no kjennar Per at nok får vara nok. Det går ikkje med kua. Ei viktig del av det å vera gründar er å kunna sjå når nok får vara nok. Det er ikkje noko poeng i å lukka auga, sykle pau og håpa at alt endar gøtt tel slutt. Plutseleg sit du der med 60 millionar i gjeld og så kjem bankji og teke stova di og alt du eig. NEI. Og ikkje minst gjeld det å leva livet, rett nok innanfor rimelige grensar som gjer mat på bordet, men likjavel lev livet. Og for han Per, jau så e fela livet.  Han Per reiste seg og ropte høgt: Eg må byte bort kua og få fela igjen!

Per tørka bort tårar og snør mens han gjekk mot døri med bestemde skritt og tenka: No skal det bytas! Per åpna døyri, myste eit par sekundar mot lyset, og då auga hade tilpassa seg frøys han til is i ei sjokkstilstand. Per kunne ikkje tru kva han såg.

Publisert i Jul | Merket med , | Legg igjen en kommentar

11. desember – Luke 11

Det å itte mjølke ho, var hellar itte no alternativ – det ville nemleg ha vore dyremishandling. Han Per kom derfor frem til at han måtte mjølke ho Dagros Fagerlin, men bestemde seg for å i alle fall halde augo lukka, slik at trakkaseringa kun ville bestå av berøringar, og itje både berøringar og blikk. Eit problem var dermed haløvveis løyst, men snart dukka det opp fleire. Osti han Per produserte smaka ikkje gøtt. For å vera heilt ærleg smaka osti rett og slett dårleg. Ikkje at det er noko gale med dårleg ost. Han Per har svinga seg mong ei gong til dansebandet «Dårleg ost», men det å eta dårleg ost da e ikkje noko å trakta etter. Mjølki frå ho Dageros Fagerlin smaka derimot ok, men ikkje noko meir enn det. Og på toppo av det heile, eller rettare sagt det som gjennomsyra det heile, kom saknet etter felo.

Han Per Spelmann hadde trass alt spela fele heilt sida han fekk fingrar til å traktere navlestrengo. Og han og felo hadde vore som uatskillelege heilt sidan han var blitt stor nok til å klare å bere fela med seg. No når han og fela var atskillt kjende han saknet djupt. Skikkeleg djupt. Furar i andletet djupt. Botnen av havet djupt. «Utroleg-filosofisk-spørsmål djupt». Ned i det djupaste djupe av menneskjesinnet djupt. «Kokje suppe på ei spikar med spenninga som fyringsmaterial djupt». Saknet blei bare verre og verre dag for dag, time for time, sekund for sekund. Og til sist brast det for Per, og han blei sitjande og grete ved kjykkjenbordet. Ja så no e vi tilbakje att der du fyst trefta han Per, der han sit og spørre seg: Kva hadde han gjort? Kva skulle han gjeri? Kvisleis kunne han ha vori så ufatteleg dum? Om du har nokre forslag, ja dau e da på tie å koma med dei.

Publisert i Jul | Merket med , | Legg igjen en kommentar

10. desember – Luke 10

Vel framme ved stovo plasserte han Per ho Dagros Fagerlin på den lille grassflekka han disponerte. Sjølv om itte grasset var so grønt som hos han hestemakjar H Brand, var grasset overraskande grønt og frodig med tankje på at det var so seint på året. Kanskje årsaka til grønheten var at grasset hass Per låg på den andre sido ut av gjerdet, noko som visst skal vere bra. Ho Dagros Fagerlin rauta fornøgd og han Per kjende seg rimeleg fornøgd sjølv. Ikkje meir felespel som ingen sete pris på, men en fremtid som suksessfull gründar og motor i det grøne skiftet. Herleg!

Imidlertid oppsto snart problemar. Per kjende jo sjølvsagt til prinsippa rundt kosleis man mjølkar ei ko, men han hadde itje tenkt øve dette i lys av den store #MeToo-kampanjen. No når han stod her med ho Dagros Fagerlin for å mjølkja ho vart han veldeg obs på kor alvorleg det er med berøring av hokjøns mjølkeproduserandre kroppsedelar. Han Per synas det er veldeg vikteg med nulltoleranse mot seksuell trakassering, noko som medførar at han som dagleg leiar ikkje kan trengje seg inn i dei ansattes intimsone. Det ville ha vore å utnytte maktposisjona si. Per lurde litt på om berøringar hadde vori ok dersom dei var i eit forhald, men å innleie et forhald til ei av sine ansatte ville også vori utnytjing av maktposisjona hass. Dessutan e jo ho Dagros Fagerli ei ku, så eit forhald ville ha vori fel på så mange måtar.

Publisert i Jul | Merket med , | Legg igjen en kommentar

9. desember – Luke 9

Kua såg ut akkurat som han Per hadde førestelt seg. Brun med litt kvitt her og der. Og ojojoj – for nokre jur ho hadde tenkte Per, før han resolutt skøyv den tanko langt, langt bort. Tankar om størrelsa på mjølkeproduserande kroppsdelar på hokjønn skal man verre forsiktig med i desse #MeToo dagar. Han Per har den største respekt for #MeToo-kampanjen, og er ein av dei styste motstandarane av seksuell trakassering i heile bygdi. Å kunne verte anklaga for å ha seksuelt trakassert si nye, og til no einaste, ansatte i si nye mjølkeproduserande gründerbedrift ville ha vorte undergango for han Per. Han Per ynskjte å få ei så optimal start som mogleg på mjølke- og ostiprodukajona, og bestemde seg for å vere særs påpasseleg med å itte utnytte maktposisjonen som føljer med sjefsrolla hans.

Heldigvis for Pers del hadde han på detja tidspunktet ikkje tenkt øve at ei særs sentral del av utøvinga av arbetet i den nye virksomheta hass Per, var nettopp gjentakande beføling av desse mjølkeproduserande kroppsdelane. Dette skulle volda han Per store kvalar, men enn så lengje levde han lykkjeleg uvitande.

Han hestemakjar H Brand rakte tøylane, om det e det man kallar tauet rundt halsa på ei ku, til Per og rekte han ei sekk med litt fôr til den fyste perioda. Hestemakjaren fortalde at kuas navn var Dagros. Dette overraska ikkje Per, sidan han visste at Dagros var det meist populære kunamnet i 15 av landets 18 fylkje. I Akershus og Oslo måtte Dagros se seg slegen av Rosa, i Vestfold av Trulte, mens finnmarkingana e heilt galne og noko for seg sjølve. For i Finnmark e Dagros berre det tredje meist populære kunamnet bak både Litago og Svarta. Tenke seg te å kalle opp kua si etter ei sjokolademjølk. Du lurar kanskje på korleis han Per har så god kjennskap til kunamn? Jo da e fordi han Per e ivrig lesar av Tines Kukontroll, spesielt 2004-årgongen. Denne alldeles utmerka rapporta inneheld mellom anna ein fylkjesvis øvesikt over kuar med namn. Faktisk e statistikk øve kunamn så vektege at regjeringa teke seg tid te å granska denne informasjona for derettar å publisere den på nettsia si.

Det som derimot overraska han Per litt, var at kua hadde dobbelnamn. Men det e jo populært i desse dagar, eit namn frå han far og eit namn frå ho mor. Dagros Fagerlin var kuas fulle namn. Per kjende bokstaveleg talt ei bør bli løfta av skuldra sine då han rekte fela si til hestemakjaren. Per ba hestemakjaren ta gøtt vare på felo, tok tak i tøylane og la i veg. Kubjella var allereie festa trygt og godt rundt halsa hass kua, og klinga og plinga nøgd mens dei to nye gründarane gjekk mot stovo hass Per.

Publisert i Jul | Merket med , | Legg igjen en kommentar

8. desember – Luke 8

Båe han Per Spelmann og han hestemakjar H Brand var ivrege på å få gjennomført bytehandelen, så Per slo følge med hestemakjaren til hestemakjarslottet. Sjølvsagt var det itte egentlig eit slott, riktignok stod det eit tårn på hestemakjarens tomt, men tårnet var av typen silo, og itte av type middelaldar med plass til ei innestengt, vakkar, så vidt vaksen, kvinne med longt hår av type jomfru. Hestemakjaran e for øvrig svært oppteken utav likjestelning, så kvis han hadde hevi et tårn av type middelaldar med plass til ei innestengt, vakkar, så vidt vaksen, kvinne med longt hår av type jomfru. Ja så hadde han hestemakjaren delt toppetasjo i to separate delar og plassert ein vakkar, så vidt vaksen, mann med longt hår av typen jomfru i den andre delo utå toppetasjen. Med full likestelning kunne ingen ha sagt noko på at han hadde fanga ei kvinne med tårnet sitt. Han mannen e det uansett ingjen som bryr seg om.

Han H Brand draumde ofte om å ha eit slikt tårn, det ville nemleg ha generert mykje positiv oppmerksamd rundt hestemakjarvirksomheten hans. Vel framme med slottet gjekk H Brand for å hente koa, mens Per venta på gardsplassen. Per så seg beundrane rundt. Eit stort våningshus, fleire låvar og stallar, den omtalde siloen og store markar dekka med gras som sjøv no sent på året såg mjukt og delikat ut. Per tenkte han kanskje ville kunne utvide stovo si i nærmaste fremtid no når han var blitt gründar. Ku-bransja må då være lukrativ med dei høge tollbarrierane som e her i Noreg, og gründar e jo det nye kongsordet her i landet. Ein gründar på kvart eit nes og kvar ein fjelltopp er det som behøvas for å lose Noreg inn i fremtida. Det grønne skiftet gjennomføras med tusenar på tusanar av kuar på det grønaste grass. Per var på veg inn i ein herleg dagdraum då han så H Brand kome rundt hushjørnet leiande på koa.

Publisert i Jul | Merket med , | Legg igjen en kommentar

7. desember – Luke 7

Suprise! Suprise! Suprise you rice! Denne teksto e ikkje på nokon som heilst maute skrivi pau nynoregsk. Om du trudde teksto var skrivi pau nynoregsk trefte du itj ein gong planka spikera med spikerhovudet sit i. Faktisk, så trefte du itje ein gong huset som plankja site i! Hellanemann. Då e du dårleg til å snekra, ellar til å lesa nynoregsk som e det me eigentleg diskuterar. Faktisk e du så dårlege at du itje trefte ein gong ein gong. Du veit, ein sånn ein gong som man kan gonge på. Svær, rund, sånn som ei UFO – Uidentifiserad Flyvande Objekt – flat altså. Laga ut åv metall. Og hengjande i ei eller fleire trådar. Ein sånn ein gong altsau. Som man slege på med ei svære slegje. Og så får man sånn ein gongjelyd. Veldeg populær i Asia. Oljefondet eige garantert aksje i minst ein gongprodusent, man må jau fau avkastning på alle pengjane me faur når me selje all olja. Desse gongprodusentane har garantert skyhøg alfa og lav beta, for ikkje å snakka om nivået på peta theta chi, altså student fraternityen som eigentleg regjerar gongmarknaden saman med den japanske Yakuza-banden. Ja, dei kozar seg i jacuzziane dei Yakuzaane.

Teksto e altsau ikkje skrivi pau nynoregsk. Teksto skulle ha vorti skrivi pau dialekta hass Per, men det at Per byte bort fela fekk uante konsekvensar. Dialekta hass Per vart nemleg særs endra då fela vart byta bort. Følgjeleg blei denne teksta også særs endra. Og sjølv om tekso e skrivi slik han Per snakkar, e teksta altsau pau ingjen maute skrivi slik dialekta hass Per eigentleg e. Teksto e ei smeltedigel, noko som eigentleg passar ganske så bra, sedan smeltedigel e eit ord som rett ofte brukas for å beskriva det noregske samfunnet i dag.

Eg mau avslutningsvis gje deg lite granne skryt. Sjølv om du trudde tekso var skrivi pau nynoregsk, så forstod du i alle fall at teksto ikkje var skrivi pau bokmaul. Korrekturprogrammet her, trur derimot at teksto e skrivi pau «Norsk (bokmål» og innimellom «Svensk (Sverige)». Så du kan trøysta deg med at all prata om kunsteg intelligens og at maskina skal teke øve verda e sterkt øvedreva. Til og med du e jo smartare enn maskino.

Kvis du ikkje e ein baukmaulsperson, men derimot ein nynoregskperson, jau dau treffe jo ikkje kritiken deg. Og bra e jo det. Du rokkar!

No har me bruka altfor lange tid på dette bokmaulfolket. No må me tilbake til han Per, og høyre meir om kva som skjer.

Publisert i Jul | Merket med , | Legg igjen en kommentar